Nytt fra Medietilsynet
Regjeringa ber Medietilsynet om å fortsette arbeidet mot speleproblem
Medietilsynet skal fortsette arbeidet med å skaffe innsikt, informere, utarbeide tiltak og gi pengar til forsking for å forebygge speleproblem. Det kjem fram i den nye handlingsplanen mot speleproblem, som vart vedteke av regjeringa for kort tid sida.
Medietilsynet, Noregs forskingsråd, Lotteritilsynet, Helsedirektoratet og frivillige organisasjonar samarbeider om arbeidet mot speleproblem, og har utarbeidt handlingsplanen i fellesskap. Det er sett av 15 millionar kroner til tiltaka som skal gjennomførast.
Tiltak mot speleproblem i 2019
Medietilsynet og Lotteritilsynet skal vidareutvikle kampanjen «Snakk om spel», og vil sjå på moglegheita for å utvikle undervisningsopplegg om spel og speleproblem for foreldre og skulen.
Medietilsynet vil i samarbeid med Lotteritilsynet bevisstgjere foreldre om pengebruk i dataspel og mekanismar i gråsona mellom penge- og dataspel, slik at foreldra for eksempel klarer å ta i bruk dei forelderkontrollane som allereie finst for å redusere moglegheita for digitale kjøp i dataspel.
Spelforsking særleg retta mot familiar og minoritetar
Forsking på speleproblem kan gi oss verdifull informasjon om kva tiltak som bør gjerast på kva område. Det er derfor sett av pengar til å forske på dataspel, der dei tre målgruppene barn og unge, pårørande og familiar og minoritetar og låginntektsgrupper skal prioriterast spesielt. Medietilsynet lyser ut midlar til forsking i samarbeid med blant anna SPILLFORSK, og etter tilråding frå Rådet for anvendt medieforsking (RAM).