Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet i gang med å utvikle ny mediemangfaldsrekneskap
Medietilsynet har starta arbeidet med å utvikle ei ny mediemangfaldsrekneskap som skal dokumentere og synleggjere utviklinga i det norske mediemangfaldet. Tilsynet har involvert ei gruppe fagpersonar, som nyleg hadde sitt første møte i dette arbeidet. – Målet er å ha klar første versjon av rekneskapen i slutten av 2019, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Eitt av Medietilsynets ansvarsområde er å bidra til å fremje mediemangfald.
– For å få til det på ein god måte, er det viktig for oss å ha relevant og aktuell informasjon om korleis mediemangfaldet i Noreg utviklar seg. Sett i lys av dei raske endringane vi ser i mediemarknaden, meiner vi det er viktig å følgje utviklinga i mediemangfaldet meir systematisk og jamleg. Det er bakgrunnen for at vi no har sett i gang eit arbeid som skal resultere i ein årleg mediemangfaldsrekneskap, seier Mari Velsand.
Mediemangfald langs tre aksar
Medietilsynet jobbar no med å kome fram til indikatorar som på best mogeleg måte kan dokumentere utviklinga i mediemangfald langs tre aksar: Sendarmangfald (informasjon om media og kven som eig dei), innhaldsmangfald (breidda i innhaldet som media formidlar) og bruksmangfald (kva innhald mediebrukarane konsumerer).
– Dette er ei tilnærming til mediemangfald som Mediemangfaldsutvalet la til grunn og som vi meiner det er riktig å byggje vidare på. Så er det viktig at dei indikatorane vi vel er godt forankra, blant anna i mediebransjen og på forskarhald. Derfor er vi glade for å få innspel frå ei breitt samansett og fagleg sterk referansegruppe, seier Velsand.
Skal gi auka innsikt om mediebransjen
Grunndataa i mediemangfaldsrekneskapet vil etter kvart bli ope tilgjengeleg for alle, og Medietilsynet vil lage årlege rapportar om statusen for mediemangfaldet.
– Dette er eit stort arbeid som det vil ta tid å få på plass. Målet er å ha ein første versjon på plass mot slutten av året, som vi så vil jobbe med å utvikle vidare, seier Velsand.
I tillegg til å presentere ny innsikt, ønsker Medietilsynet etter kvart å invitere forskarar, bransjen og andre relevante aktørar til møte og debattar om ulike aspektar om mediemangfald.
Breitt samansett referansegruppe
• Referansegruppa er breitt samansett og representerer både bransjen, relevante institusjonar og forskingsmiljø:Lisbeth Morlandstø, medieforskar og professor i medievitskap ved Nord universitet
• Bente Håvimb, marknadsanalytikar i Mediebedriftenes Landsforening (MBL)
• Magnus Reitan, samfunnsøkonom i Konkurransetilsynet
• Emma Schiro, ansvarleg for Mediebarometeret i Statistisk sentralbyrå (SSB)
• Pål Lomeland, daglig leiar i Norsk lokalradioforbund
• Hallvard Moe, medieforskar og professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen
• Kristian Tolonen, analysesjef i NRK
• Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA)
• Helle Sjøvaag, medieforskar og professor i journalistikk ved Universitetet i Stavanger (ikkje til stades da bildet ble tatt)