Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet meiner media si rolle må få ein meir sentral plass i grunnskulens læreplanar
Medietilsynet meiner kritisk medieforståing og media si rolle som meiningsberar må få større plass i dei nye læreplanane for grunnskulen.
– Når elevane lærer å reflektere kritisk over truverdigheiten og påverknadskrafta i ulike mediebodskap, blir det enklare for dei å navigere i eit stadig meir komplekst medielandskap, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Kritisk medieforståing inneber å ha eit medvite forhold til det medieinnhaldet vi konsumerer, liker og deler.
– Kritisk medieforståing er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. Vi meiner derfor det er viktig å lyfte fram dette området når grunnskulen sine læreplanar no skal reviderast, seier Mari Velsand. Ho påpeiker at skulen bør leggje til rette for at dei unge får reflektere rundt kva som verkar meiningsdannande på oss i ei tid der vi er storkonsumentar av både redigert og uredigert, kommersiell og redaksjonell, sann og usann informasjon.
Dei unge synest det er vanskeleg å følgje med i nyheitsbiletet
I Medietilsynets nye undersøking om befolkninga si kritiske medieforståing meiner over halvparten av befolkninga at media si dekning er viktig for kva dei vil stemme ved det komande valet.
Undersøkinga viser også at 16 – 20-åringane synest det er vanskelegare å følgje med i nyheitsbiletet samanlikna med befolkningsgjennomsnittet. Dei unge bruker færre kjelder for å forstå ei nyheitssak, og mindre tid på den «dagsordensetjande delen» av mediet som innanriksnyheiter, næringsliv og lokalstoff enn gjennomsnittet i befolkninga. Sosiale medium er ein viktige nyheitskanal for mange unge, og dei bruker mykje tid på medium med ikkje-redaksjonelt og utanlandsk innhald.
– Funna stadfestar kor viktig det er at unge lærer å reflektere kritisk rundt truverdigheiten og påverknadskrafta i ulike mediebodskap så tidleg som mogeleg, slik at dei utviklar ein kritisk medieforståing, seier Velsand.
Kritisk medieforståing skal inn i dei nye læreplanane
Sidan førre høyringsrunde i 2018 har digitale kunnskapar, kritisk tenking og refleksjon fått ein meir sentral plass i dei nye læreplanane. Det gjeld særleg læreplanane for norsk og samfunnsfag.
– Medietilsynet synest dette er svært positivt, og vi er opptekne av at desse utbetringane blir behaldne når nye høyringsinnspel no skal innarbeidast, seier Velsand.
Les meir om fornyinga av lærarplanane for grunnskulen på regjeringa sine sider
Har du spørsmål, ta kontakt med Nina Bjerke