Nytt fra Medietilsynet
Morgenbladet får auka støtte
Morgenbladet doblar støttenivået når Medietilsynet no har konkludert med at avisa fyller krava i ein annan kategori enn tidlegare. I tillegg har Medietilsynet avgjort at avisa Midsundingen kvalifiserer til å motta støtte.
Morgenbladet er ei riksdekkande, meiningsberande avis, og har sidan 2016 motteke stønad som nasjonalt vekemedium etter forskrift om produksjonstilskott. I 2018 utvida avisa sitt tilbod til abonnentane ved å publisere ei digital utgåve i veka, i tillegg til papiravisa kvar veke.
Morgenbladet doblar stønaden
– Med bakgrunn i endringane søkte Morgenbladet om å få tilskott etter ei anna aviskategori enn tidlegare. Medietilsynet har vurdert at avisa innfrir dei krava som blir stilte i forskrifta, og har derfor innvilga Morgenbladets søknad, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Kor mykje Morgenbladet får i produksjonstilskott blir ikkje klart før vedtak for alle avisene som er inne i ordninga er gjort. – Likevel kan vi allereie no seie at endringa i aviskategori gjer at Morgenbladet får omtrent dobbelt så mykje i støtte i år som i fjor, seier Velsand.
Heile løyvinga blir klar i starten av november
Avisa Midsundingen søkte om støtte tidlegare i år, og har ikkje motteke produksjonstilskott tidlegare. Avisa blei etablert i juli i 2017, og dekker øykommunen Midsund ytst i Moldefjorden. Avisa har fått godkjent eit opplag på 1 109 for 2018. Medietilsynet har vurdert at Midsundingen fyller krava for å motta produksjonstilskott.
Morgonbladet og Midsundingen mottek berekning av tilskott og får utbetalinga samtidig som dei andre avisene som er i ordningane første halvdel av november. Før det skjer skal det også avklarast om dei andre nye søkarane, Nett.no. og Dagbladet pluss, kvalifiserer til å motta tilskott.
– Vi jobbar no for fullt med desse vurderingane, seier Velsand.
Produksjonstilskott er ei støtteordning retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige og som alternativ til dei leiande media i større marknader. Ordninga skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Støtteordninga er plattformnøytral, og likestiller papir- og nettaviser.
For pressespørsmål, ta kontakt med Nina Bjerke