Nytt fra Medietilsynet
Myten om Momo
Fleire medium omtalte og åtvara mot fenomenet Momo i fjor haust. For kort tid sidan fekk Momo igjen merksemd i norsk presse og i sosiale medium. Men Momo er ikkje verkeleg. Det må vi vaksne hjelpe barna å forstå.
Momo er ikkje noko anna enn eit bilete av ein liten skulptur, laga av det japanske spesialeffekt-selskapet Link Factory. Biletet blei til ei digital vandrehistorie på sosiale medium, som hovudsakleg blei spreidde av barn og unge for moro skuld.
Snakk med barna om det som skjer på nett
Nokre enkle søk på nett avdekkjer kor lite truverdige desse vandrehistoriene eigentleg er. Dei aller fleste historiene er oppdikta og er i beste fall fulle av overdrivingar og faktafeil.
Mange synest slike mytar er veldig spennande, og bruker mytane som inspirasjon til å lage for eksempel skumle Momo-appar, spel eller Momo-kontoar på sosiale medium. Sjølv om desse historiene i utgangspunktet berre er oppspinn, kan enkelte, både vaksne og barn, ta det på alvor og bli redde eller uroa. Dessverre er det også nokre som kan finne på å dra det for langt. Personar kan bruke denne merksemda til å skremme eller påverke barn og unge gjennom sosiale medium. Det er sjølvsagt ikkje greitt, og kan i tillegg vere ulovleg.
Medietilsynet oppmodar foreldre å undersøkje fenomen som Momo, og hjelpe barna til å forstå at slike fenomen er oppdikta og ikkje noko å vere redd for. Det er også viktig at du som voksar snakkar med barna, tek dei på alvor og støttar dei. På den måten kan du hjelpe barna å byggje opp sin eigen kritiske medieforståing. Her finn du fleire råd til kva du kan gjere dersom du og barna opplever noko ubehageleg på nett.