Nytt fra Medietilsynet
Annonsefall også for tv- og radiobransjen: Kringkastarane har mista 200 millionar kroner i reklameinntekter det siste året
Etter år med oppgang fall reklameinntektene for dei nasjonale tv- og radioaktørane i 2018. Det kjem fram i Medietilsynets årlege økonomirapport. – Utviklinga tyder på at kringkastarane no opplever det same som avisbransjen, nemleg at annonsørane flyttar investeringane til andre kanalar, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Avisbransjen har mista 2,3 milliardar kroner i annonseinntekter dei siste fem åra, i hovudsak til Google og Facebook. Tv- og radioaktørane auka derimot annonseinntektene sine til og med 2017. Men i fjor snudde altså utviklinga.
– Tv og radio har nærmast verka immune mot konkurransen frå dei globale aktørane i kampen om dei norske reklamekronene. 2018 er det første året vi ser at annonseinntektene fell. Tapet frå toppåret 2017 er på 212 millionar kroner, eller 4,7 prosent, seier Velsand.
Tv-sjåarane betaler meir for innhald
Trass i annonsefallet auka dei totale inntektene til tv-kanalane i 2018. Det skuldast ein solid vekst i brukarinntekter, viser Medietilsynets rapport. Inntektene som dei nasjonale tv-kanalane har frå sal av premiuminnhald og distribusjonsinntekter, har til saman nesten dobla seg dei siste fem åra.
– Norske tv-sjåarar betaler stadig meir for å sjå sport, film og anna populært innhald gjennom såkalla premium-tv-pakker og ulike strøymetenester, seier Velsand. Likevel har lønnsemda til tv-kanalane falle dei siste fem åra. Spesielt gjeld dette i år der det har vore store sportsarrangement som OL og fotball-VM sidan selskapa då har høge kostnader knytte til kjøp av senderettar og produksjon av sendingane.
Auka sendekostnader har svekt lønnsemda
Mens over halvparten av inntektene hos dei nasjonale kommersielle tv-kanalane kjem frå andre kjelder enn reklame, er reklame einaste inntektskjelde for dei kommersielle radiokanalane. I fjor fall inntektene til dei nasjonale radiokanalane, mens lokalradioane hadde omtrent like store inntekter som i 2017. Auka sendekostnader har likevel svekt lønnsemda.
Størstedelen av dei totale inntektene til lokalradiobransjen kjem frå stasjonar med FM-konsesjonar, og mange av desse aktørane sender også på DAB. – Vi ser at kostnadene knytte til DAB-sendingar er høgare enn for tradisjonell FM-drift. DAB-sendingane blir framleis i stor grad finansierte av verksemda på FM, seier Velsand.
Les heile rapporten om dei nasjonale og lokale tv- og radioselskapa her
Kort om økonomien til tv- og radiokanalane i 2018
- Tv- og radioselskapa (kringkastarane) stod for 54,2 prosent av dei samla driftsinntektene til norske medieverksemder (aviser, nasjonale og lokale kringkastarar) i 2018. Tv- og radioselskapa sin del av driftsinntektene aukar, og veksten er størst hos dei kommersielle tv- og radioselskapa
- I 2010 hadde NRK og dei kommersielle kringkastarane omtrent like store driftsinntekter, mens i 2018 hadde dei kommersielle kringkastarane nær 2,5 milliardar kroner eller 42 prosent meir i driftsinntekter enn NRK
- Fram til 2017 var reklamemarknaden for tv og radio i vekst, men i 2018 mista dei nasjonale kringkastarane for første gong reklameinntekter. Fallet frå 2017 var på totalt 212 millionar kroner, tilsvarande 4,7 prosent
- Brukarinntektene til dei nasjonale tv-kanalane auka med 478 millionar kroner frå 2017 til 2018, tilsvarande 13 prosent. Brukarinntektene kjem hovudsakleg frå sal av premiuminnhald og distribusjon
- Totalt auka inntektene til dei nasjonale tv-kanalane med 310 millionar kroner, eller 4,1 prosent, i 2018. Årsaka var ein solid vekst i brukarinntektene
- Lønnsemda til dei nasjonale tv-kanalane har falle dei siste fem åra som følge av høgare driftskostnader. I 2018 hadde dei nasjonale kringkastarane eit driftsunderskott på totalt 68 millionar kroner. Hovudårsaka til underskottet var Discoverys nedskriving av senderettar med over 400 millionar kroner
- Dei nasjonale radioselskapa hentar alle inntektene sine frå annonsesal. I 2018 fall inntektene med over ti prosent, tilsvarande 62 millionar kroner, og lønnsemda til radioselskapa blei svekt. Til samanlikning fall annonseinntektene til avisene med vel tre prosent i 2018
- Til trass for inntektsfall og svekt lønnsemd, har dei nasjonale radiokanalane hatt betre lønnsemd enn tv-selskapa dei siste fem åra
For meir informasjon, ta kontakt med Nina Bjerke.