Nytt fra Medietilsynet
TV 2 får første utbetaling som kommersiell allmennkringkastar
Denne veka får TV 2 første utbetaling for å drive kommersiell allmennkringkasting. Avtalen mellom TV 2 og staten inneber at TV 2 får dekt nettokostnadar på 135 millionar kroner årleg i fem år for å levere mellom anna daglege nyheitssendingar frå Bergen, norskspråklege program for barn og unge, norsk film og tv-drama.
Avtalen om kommersiell allmennkringkasting som staten inngjekk med TV 2 i september varar frå 2019 til 2023. Desse åra får TV 2 dekt nettokostnadene knytta til allmennkringkastaroppdraget med inntil 135 millionar kroner kvart år.
No utbetalar Medietilsynet den aller første av fire årlege utbetalingar til TV 2 på 33 750 000 kroner. Dette utgjer ein firedel av det årlege maksimumsbeløpet.
– Den endelege kompensasjonen for 2019 blir først fastsett når Medietilsynet vurderer allmennkringkastarrekneskapen til TV 2, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. I april 2020 skal TV 2 levere informasjon til Medietilsynet der selskapet viser korleis krava i avtalen er oppfylte i 2019.
TV 2 må ha separate rekneskap
TV 2 må gi oversyn over inntekter og utgifter for allmennkringkastingsverksemda, sidan det berre er nettokostnadane TV 2 har for å levere dette innhaldet staten skal gi økonomisk kompensasjon for. Rekneskapen for allmennkringkastingsverksemda må haldast åtskilt frå den øvrige verksemda til TV 2.
– Medietilsynet si oppgåve er å sikre at TV 2 får rett kompensasjon for å levere allmennkringkastingsoppdraget, og at den offentlege støtta ikkje kryss-subsidierer TV 2s øvrige verksemd, sier Mari Velsand.
Les meir om kva TV 2 skal levere i "Fem ting du bør vite om TV 2-avtalen"
For spørsmål, ta kontakt med Nina Bjerke