Nytt fra Medietilsynet
Media kan no søke koronastønad på nytt etter justering av forskrifta

Medietilsynet opnar opp for søknader torsdag 10. september kl. 12.00, med søknadsfrist torsdag 17. september kl. 12.00 etter at regjeringa no har vedteke ei endring i forskrifta for koronakompensasjon for redaktørstyrte medium. – Saksbehandlinga har høgaste prioritet, og vi betaler ut stønad så snart som mogeleg, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Regjeringa har endra den opphavlege forskrifta, slik at det i berekninga no anten skal takast utgangspunkt i eit gjennomsnitt av driftsresultata for fjoråret multiplisert med 3,5 månader eller driftsresultatet for perioden frå og med 15. mars til og med 30. juni 2019. Endringa er gjord for å sikre at berekningsmetoden ikkje får utilsikta negative effektar for nokre medium på grunn av sesongvariasjonar i økonomien.
Les meir om endringa i mediekompensasjonsordninga her, som no altså er vedteke.
– Sidan det blir mogeleg å velje metode for berekning, kjem ingen medium dårlegare ut etter endringa av forskrifta, seier Velsand.
Medietilsynet treng informasjon frå søkarane
Alle medium som allereie har søkt, og som ønsker å bruke den nye berekningsmetoden, må legge inn nye opplysingar via Medietilsynet sin sjølvbetjeningsteneste Min side.
Medium som ikkje søkte koronakompensasjon i førre runde, men som meiner dei er kvalifiserte, har også moglegheit til å søkje støtte. Då oppfordrar vi til å registrere seg som brukar snarast. Her finn du informasjon om korleis du søker stønad.
– Medietilsynet set inn alle tilgjengelege ressursar for å handtere søknader raskt, slik at kompensasjonen kan utbetalast snarast mogeleg etter at nødvendige opplysingar er sende til oss, seier Velsand.