1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2021

Nytt fra Medietilsynet

13 aviser i «gamle Finnmark» får til saman 2,3 millionar kroner i distribusjonstilskott for 2021

Aviser i tidlegare Finnmark fylke får eit eiget distribusjonstilskott på 2,3 millionar kroner som deles ut av Medietilsynet. Foto Medietilsynet.
Aviser i tidlegare Finnmark fylke får eit eiget distribusjonstilskott på 2,3 millionar kroner som deles ut av Medietilsynet. Foto Medietilsynet.

Medietilsynet har nå fordelt distribusjonstilskott til aviser i det geografiske området som var Finnmark fylke før fylkessamanslåinga 1. januar 2020. Tilskottet skal gjere det lettare å distribuere aviser lengst nord i landet.

Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i det som tidlegare var Finnmark fylke. Det er derfor eit eige distribusjonstilskott til aviser i dette området. Den enkelte avisa får utrekna distribusjonstilskottet ut frå talet på aviseksemplar som blei distribuerte med post til abonnentar i 2020.

Avisene kan søke distribusjonstilskott i tillegg til produksjonstilskott.

Distribusjonstilskottet for 2021 er fordelt slik:

Avis

Antall (i 2020)

Tilskott i 2021

Altaposten

          37 447

                 74 478

Ávvir

        128 214

               255 003

Finnmark Dagblad

        194 062

               385 968

Finnmarken

        224 800

               447 102

Finnmarksposten

          25 136

                 49 993

Hammerfestingen

          30 764

                 61 186

Kronstadposten

          14 987

                 29 807

Kyst og Fjord

          55 310

               110 005

Ruijan Kaiku

            3 856

                   7 669

Ságat

        290 928

               578 623

SÁMi magasiidna

          38 653

                 76 877

Sør-Varanger Avis

          86 135

               171 313

Østhavet

          37 194

                 73 975

Totalt

1 167 486

            2 322 000