Nytt fra Medietilsynet
Forslag til lovendring på høring: Medietilsynet foreslår å avvikle statleg førehandskontroll av kinofilm
Medietilsynet foreslår å flytte ansvaret for å sette aldersgrense på kinofilm til distributørane. I dag er det Medietilsynet som gjer dette. – Statleg førehandskontroll har utspelt si rolle, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. Kulturdepartementet sender no forslaget til lovendring på høyring, saman med utgreiinga frå Medieskadelegheitsutvalet, som går inn for det same.
Mens filmar som blir viste på kino, ligg under statleg førehandskontroll hos Medietilsynet, set kringkastarar som TV 2 og NRK sjølv aldersgrenser for programma sine. I notatet som no går ut på høyring, foreslår Medietilsynet å endre bildeprogramlova, slik at distributørane tar over ansvaret for å sette aldersgrenser på kinofilmar.
Medietilsynet skal framleis ha ansvar for retningslinjer og kontroll
– Forslaget sikrar likebehandling av aktørane, uavhengig av kva plattform filmen eller programmet blir vist på. Vi trur distributørane kan ta hand om denne oppgåva på ein god måte, på linje med det kringkastarane allereie gjer for programma sine, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Ifølge forslaget skal Medietilsynet framleis ha ansvaret for retningslinjer og rettleiing, og for å følge opp at aktørane set aldersgrenser i tråd med regelverket, gjennom jamlege tilsyn.
– I dag har barn det meste av mediekonsumet sitt andre stader enn i kinosalen. Den offentlege innsatsen for trygg digital oppvekst bør derfor ha andre prioriteringar enn statleg førehandskontroll av kinofilmar. Medietilsynet ønsker i staden å bruke ressursar på innsikt og tiltak som kan bidra til å styrke den kritiske medieforståinga blant barn og unge, seier Velsand.
Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å utvikle ein nasjonal strategi for trygg digital oppvekst, som Medietilsynet skal koordinere.
Medieskadelegheitsutvalet foreslår også å avvikle statleg førehandskontroll
Kulturdepartementet sender no notatet frå Medietilsynet med forslag om endringar i bildeprogramlova på høyring saman med utgreiinga frå Medieskadelegheitsutvalet (NOU) «Barneliv foran, bak og i skjermen». Utvalet har blant anna sett på korleis barn og unge best kan vernast mot skadeleg medieinnhald. Utvalet peiker i utgreiinga på kor viktig det er med kunnskap, koordinering og kommunikasjon i arbeidet med å skape ein trygg digital oppvekst. Utvalet støttar også forslaget frå Medietilsynet om å avvikle statleg førehandskontroll for kinofilm.
Eitt av forslaga til utvalet er å etablere eit tverrfagleg kompetansesenter, som basert på forsking kan vere med på å gi meir kunnskap om korleis ulikt medieinnhald påverkar barn og unge. Utvalet foreslår også ei rekke kompetansetiltak og ei betre koordinering av tiltak for å verne barn og unge mot skadeleg medieinnhald.
Les heile utgreiinga frå Medieskadelegheitsutvalet «Barneliv foran, bak og i skjermen» her.
Sjå forslaget til endringar i bildeprogramlova som er sendt på høyring her
Slik er bildeprogramlova i dag
Bildeprogramlova skal verne mindreårige mot skadeleg påverknad frå levande bilde. I tillegg skal lova sikre retten som barn og unge har til informasjon og tilgang til medieinnhald. Lova tredde i kraft 1. juli 2015 og blir forvalta av Medietilsynet.
Aldersgrensene som gjeld for tv, audiovisuelle bestillingstenester, kino og DVD i dag, er: Tillate for alle, 6 år, 9 år, 12 år, 15 år og 18 år.
I dag set Medietilsynet aldersgrenser på kinofilm. For alle andre bildeprogram blir aldersgrensa sett av bildeprogramdistributøren (den som har rettane til programmet i Noreg). Det betyr at kringkastarar, tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester (filmleigetenester, nett-tv, YouTube-kanalar) og seljarar av DVD og Blu-Ray set aldersgrenser sjølv. Aldersgrensa blir sett etter retningslinjene frå Medietilsynet.
Aldersgrensa skal fastsettast etter ei vurdering av om innhaldet i programmet kan vere skadeleg for personar under den aktuelle aldersgrensa. Program med alvorleg skadeleg innhald skal alltid ha 18-årsgrense. Skadeleg innhald er innhald som kan skape angst, vekke uro eller verke skremmande for enkelte aldersgrupper. Det same gjeld tematikk som kan verke forstyrrande eller opprivande.
Les meir om aldersgrenser og vernetiltak på Medietilsynets nettsider