Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet støttar forslag om å la distributørane sette aldersgrenser på kinofilm
Medietilsynet er einig i forslaget frå Medieskadelegheitsutvalet om å avvikle ordninga med statleg førehandskontroll og aldersgrensesetting på kinofilm. I dag gjer Medietilsynet denne oppgåva.
– Barn bruker i dag mykje tid på andre plattformer enn dei vi kan regulere. Om distributørane sjølve set aldersgrenser etter rettleiing frå oss, blir plattformene behandla likt, og vi kan i staden bruke ressursane til å styrke den kritiske medieforståinga til barn og ungdom, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Barna har gått frå å vere mottakarar til å bli produsentar av innhald
Medieskadelegheitsutvalet la tidlegare denne veka fram utgreiinga «Barneliv foran, bak og i skjermen», som handlar om vern av barn og unge mot skadeleg medieinnhald. Utvalet peiker generelt på utfordringane medieutviklinga har ført til når det gjeld regulering.
– Som utvalet peiker på, er ikkje barna lenger berre passive mottakarar av medieinnhald, men også sjølve produsentar. Samtidig forheld dei seg til mange fleire plattformer og avsendarar enn før, der mange ikkje lèt seg regulere på same måten som dei «gamle» media, seier Velsand.
Medietilsynet støttar at kompetansetiltak blir prioriterte
Utvalet peiker på at kunnskap, koordinering og kommunikasjon er viktig i arbeidet med å skape ein trygg digital oppvekst. Eit av forslaga frå utvalet er å etablere eit tverrfagleg forskingssenter, blant anna for å få meir forsking på kva slags medieinnhald som faktisk er skadeleg. Det er også forslag om ei rekke kompetansetiltak og ei betre koordinering av tiltak.
– Medietilsynet støttar desse forslaga. Medieutviklinga gjer at vi må finne tiltak som kan bidra til å auke kritisk medieforståing og meistringskompetanse, og dette er det viktig å prioritere, seier Velsand. Regjeringa har allereie sett i gang eit arbeid med å utvikle ein nasjonal strategi for trygg digital oppvekst, som Medietilsynet har fått i oppgåve å leie.
Medietilsynet er einig i at distributørane bør sette aldersgrenser for kinofilm sjølve
Medieskadelegheitutvalet har også kommentert dagens ordning for fastsetting av aldersgrenser på medieinnhald. For alle plattformer, bortsett frå kino, er det aktørane sjølve som set aldersgrensene. Medietilsynet er lovpålagt å gjere dette for kinofilm. Utvalet foreslår at dette bør endrast. Medietilsynet leverte før jul ei utgreiing til Kulturdepartementet som foreslår det same som Medieskadelegheitsutvalet no ønsker.
– Medietilsynet er einig med utvalet i at distributørane bør overta ansvaret for å sette aldersgrenser på kinofilm. Da får vi ei likebehandling av filmar og program uavhengig av kva for plattform dei blir viste på. Samtidig kan Medietilsynet frigjere ressursar som kan brukast meir tenleg, blant anna til det viktige arbeidet vårt med å styrke den kritiske medieforståinga blant barn og ungdom, seier Velsand.
Medietilsynet ønsker å framleis ha ansvar for retningslinjer og kontroll
Sjølv om ansvaret for å sette aldersgrenser på kinofilm blir flytta til distributørane, ønsker Medietilsynet å behalde ansvaret for å utvikle retningslinjer og rettleiing for korleis grensene skal setjast, og ha kontroll med at bransjen set aldersgrenser i tråd med retningslinjene.
– Dette er viktig for å sikre lik praksis også vidare framover, seier Velsand.
Kulturdepartementet skal nå avgjere korleis forslaga frå Medieskadelegheitsutvalet og Medietilsynet skal behandlast vidare.
Les heile utgreiinga frå Medieskadelegheitsutvalet «Barneliv foran, bak og i skjermen» her.
Slik er bildeprogramlova i dag
Bildeprogramlova skal verne mindreårige mot skadeleg påverknad frå levende bilde. I tillegg skal lova sikre retten som barn og unge har til informasjon og tilgang til medieinnhald. Lova tok til å gjelde 1. juli 2015, og blir forvalta av Medietilsynet.
Aldersgrensene som gjeld for tv, audiovisuelle bestillingstenester, kino og DVD i dag er: Tillate for alle, 6 år, 9 år, 12 år, 15 år og 18 år.
I dag set Medietilsynet aldersgrenser på kinofilm. Distributørar og seljarar av DVD og Blu-Ray og bildeprogramdistributørar (dei som har rettar til programmet i Noreg) på tv og audiovisuelle bestillingstenester (filmleigetenester, nett-tv, YouTube) set aldersgrenser sjølve etter Medietilsynets retningslinjer.
Aldersgrensa skal fastsetjast etter ei vurdering av om innhaldet i bildeprogrammet kan vere skadeleg for personar under den aktuelle aldersgrensa. Bildeprogram med alvorleg skadeleg innhald skal alltid ha 18-årsgrense. Skadeleg innhald er innhald som kan skape angst, vekke uro eller verke skremmande for enkelte aldersgrupper. Det same gjeld tematikk som kan verke forstyrrande eller opprivande.
Les meir om aldersgrenser og vernetiltak på nettsidene til Medietilsynet.