Nytt fra Medietilsynet
Fire av ti 13–14-åringar får porno-reklame på nett
Nesten fire av ti 13–14-åringar får reklame for porno på nett, viser Medietilsynets undersøking Barn og medier 2022. Mange seier at dei har fått reklamen via Google og TikTok. – Vi forventar at dei globale plattformene iverkset strengare tiltak for å få stansa pornoreklame retta mot barn, som også i dei fleste tilfelle er ulovleg etter norsk lov, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Det er mest vanleg å få reklame for porno via ulovlege nettstader for nedlasting eller strøyming av film, musikk og dataspel.Fire av ti av 13–18-åringane som har fått porno-reklame, har fått den frå slike kanalar.
Men undersøkinga viser også at mange får reklame for porno via tenester som Google og TikTok.Av dei unge som har motteke porno-reklame, har over tre av ti fått reklamen via Google, og to av ti via TikTok.Delen som får porno-reklame via TikTok har auka med 16 prosentpoeng frå to år tilbake.
– Barn og unge bør sleppe å få porno-reklame, som i dei fleste tilfelle også er ulovleg etter marknadsføringslova.Vi meiner slik marknadsføring er uheldig, fordi den kan føre til at mange får førsteinntrykket sitt av seksualitet gjennom porno.Vi forventar at dei globale plattformene iverkset tiltak for å skjerme dei yngste mot slik reklame, seier Velsand.
Halvparten av dei unge ser porno på nett
Halvparten av 13–18-åringane seier dei har sett porno på nett, ifølgje Medietilsynets undersøking Barn og medier 2022.Det er omtrent like mange som for to år sidan.Over halvparten av 13–18-åringane som har sett porno på nett, såg porno for første gong før dei fylte 13 år.
I rapporten «Et skada bilde av hvordan sex er» frå Redd Barna i 2020, var fleire av ungdomane opptekne av at det å sjå mykje porno før ein har sex første gong, kan skape feil forventingar og press om korleis sex skal vere.Fleire av gutane innrømde at dei hadde blitt overraska over at røynda ofte ikkje stemde med det dei hadde sett i porno.
– Dersom dei unge får meir informasjon om kva pornografi er, for eksempel gjennom undervising på skulen, er det lettare for dei å få eit meir realistisk og sunt forhold til sex, seier Velsand.
Råd frå Medietilsynet:Slik snakkar du med barna dine om porno og nakenbilete
Så mange unge ser porno og får porno-reklame på nett
- 41 prosent av 13–18-åringane har fått reklame for porno på nett.
- Det er små aldersforskjellar:37 prosent av 13–14-åringane har fått porno-reklame, mot 43 prosent av 17–18-åringane.
- Ein noko høgare del av gutar (44 prosent) enn jenter (37 prosent) har fått reklame for porno på nett.
- 52 prosent av 13–18-åringane seier dei har sett porno på nett, mot 49 prosent i 2020.35 prosent svarer at dei ikkje har sett porno.13 prosent veit ikkje, eller ønskjer ikkje å svare.
- Dobbelt så mange gutar (68 prosent) som jenter (34 prosent), har sett porno på nett.
- Delen som seier å ha sett porno på nett, aukar med alder:40 prosent av 13–14-åringane, 51 prosent av 15–16-åringane og 59 prosent av 17–18-åringane seier dei har sett porno på nett.
- 55 prosent av 13–18-åringane som har sett porno på nett, seier at dei såg porno før dei fylte 13 år.
Les meir om kor mange som ser porno og får porno-reklame på nett her
Kjelde:Kjelde:Barn og medier 2022 (Medietilsynet).Data er samla inn og analysert av Kantar Public på oppdrag frå Medietilsynet.