Nytt fra Medietilsynet
Lokalradioar får åtte millionar i støtte – halvparten går til å dekke DAB-utgifter
Medietilsynet fordeler 8,2 millionar kroner i støtte til lokalradioane, der 4,4 millionar kroner går til å dekke utgiftene lokalradioane har med å sende på DAB. – Lokalradioane har stram økonomi. Denne støtta bidrar til at lokalradioar kan tilby programinnhaldet sitt på DAB, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Totalt har radio- og tv-kanalane i år fått 21,6 millionar kroner frå Medietilsynet, etter at lokale radio- og tv-kanalar tidlegare i år fekk 13,4 millionar kroner i støtte til programproduksjonar og digitalisering av lokalradio.
– Støtteordninga til lokale lyd- og bildemedium skal bidra til å halde ved lag eit sterkt mangfald av lokalradioar og lokal-tv og hjelpe lokalradioane med å nå ut til fleire lyttarar med DAB-sendingar, seier Sekkelsten.
23 radioar får kompetanse- og utviklingstilskott
Mens litt over halvparten av støtta på 8,2 millionar kroner, 4,4 millionar, går til å dekke DAB-utgiftene til 49 lokalradioar, går 1 million kroner i kompetanse- og utviklingstilskott til 23 lokalradioar.
– Radiorakel er ein av radioane som får utviklingsstøtte. Radioen får støtte til eit prosjekt som skal auke bruken av kvinnelege norske artistar i spelelistene til radioen, seier Sekkelsten.
Medietilsynet gir dessutan til saman 555 000 kroner i støtte til tolv lokalradioar som har ulike etniske og språklege minoritetar i befolkninga som målgruppe.
I tillegg gir Medietilsynet driftsstøtte til dei nasjonale bransjeorganisasjonane Norsk Lokalradioforbund, lokal-tv-grupperinga i Mediebedriftenes Landsforening (MBL), Landslaget for lokalaviser (LLA) og Kristent Radioforum. Den samla driftsstøtta til organisasjonane er på 2,2 millionar kroner.
Støtte til lokale lyd og bildemedier del 2 (Excel) | 13. mai 2022
Støtte til drift digitalisering lokalradio 2022 (PDF)
Støtte til kompetansehevende tiltak 2022 (PDF)
Støtte til minoritetsradioer 2022 (PDF)
Støtte til nasjonale bransjeorganisasjoner 2022 (PDF)
Støtte til utviklingsprosjekter lokalmedier 2022 (PDF)
Les meir om støtteordninga til lokale lyd- og bildemedium på nettsidene til Medietilsynet