Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet lanserer kampanje for mediemangfald
Medietilsynet lanserer i dag ein kampanjefilm om verdien av mediemangfald og ytringsfridom. – Ytringsfridom og mediemangfald kan lett bli tatt for gitt, men krigen i Ukraina har for alvor vist oss verdien av uavhengige, redaktørstyrte medium, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
– I Ukraina-krigen er propaganda og manipulasjon ein sentral del av krigføringa. – Putin har lenge knebla og eliminert opposisjonen; samtidig har det vore ein offensiv produksjon av propaganda og falske nyheiter. Dette gjer at den russiske befolkninga no har ein avgrensa tilgang til sanninga. Den norske medieverkelegheita utgjer ein sterk og positiv kontrast, seier Mari Velsand.
Kampanjefilm frå Medietilsynet: Seks sentrale redaktørar hyllar mediemangfaldet
Medietilsynet lanserer ein kampanjefilm om verdien av mediemangfald og ytringsfridom i Noreg på årsmøtet til Landslaget for lokalaviser i Ålesund torsdag 17. mars. Samla har vi i Noreg ei lang rekke aviser, fagmedium, radio- og tv-kanalar som bidrar til samfunnsviktig journalistikk lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
– Vi lanserer denne filmen som ein hyllest til det norske mediemangfaldet. Verdien av å ha uavhengige, kritiske journalistar og ulike innfallsvinklar til ei sak blir ekstra tydeleg når vi ser kor gale det kan gå i eit land utan presse- og ytringsfridom. Målet med kampanjen er å rette merksemda til folk mot den viktige jobben uavhengige journalistar og redaktørar gjer for demokratiet vårt, seier Velsand.
Seks sentrale redaktørar tar del i filmen: Trine Eilertsen i Aftenposten, Hanne Skartveit i VG, Thor Gjermund Eriksen i NRK, Olav T. Sandnes i TV 2, Eirik Hoff Lysholm i Dagsavisen og Vebjørn Selbekk i Dagen.
– Vi er glade for at sentrale aktørar i norsk presse er med på kampanjen, og at vi saman kan markere at det er eit viktig verdival å sikre eit mangfald av medium. I Noreg er det tverrpolitisk einigheit om at vi treng mediepolitiske verkemiddel, som ulike støtteordningar. Men det at mediebrukarane sluttar opp om redaktørstyrte medium, er også viktig for å finansiere den samfunnsviktige journalistikken. Derfor oppfordrar vi alle til å ta mediemangfaldet i bruk, seier Velsand.
Fakta om det norske mediemangfaldet og Medietilsynets rolle
- Medietilsynet er forvaltnings- og tilsynsorgan for staten på mediefeltet og skal bidra til å oppfylle samfunnsmåla om ytringsfridom og et levande demokrati.
- Eit sentralt verkemiddel er å legge til rette for eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet gjennom å forvalte dei direkte mediestøtteordningane.
- I år fordeler Medietilsynet til saman 470 millionar kroner i direkte mediestønad gjennom seks ulike støtteordningar. Medietilsynet fordeler 380 millionar kroner gjennom den største ordninga, produksjonstilskottet, til aviser i marknader som er for små til å vere berekraftige, og til aviser som er alternativ til dei leiande avisene i større marknader.
- I Noreg finst det totalt om lag 300 lokale, regionale og nasjonale aviser, tre store aktørar (NRK, Nent Group og Bauer Media) som dominerer radiomarknaden, tre aktørar på den nasjonale tv-marknaden (NRK, TV 2 og TVNorge) og over 1000 fagpublikasjonar (kjelde: Medietilsynets rapport om avsendarmangfaldet desember 2020).
- Tv og gratis nettavis er dei viktigaste nyheitskjeldene for folk i Noreg. Heile 80 prosent av befolkninga bruker minst éin av følgande plattformer for nyheiter dagleg: avis på papir eller digitalt, nyheitstenester på nett eller direktesend/lineær radio eller tv (kjelde: Medietilsynets rapport om bruksmangfaldet januar 2021).
Sjå filmen som hyllar mediemangfaldet her. Alle kan laste ned og bruke filmen.