Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet støttar regjeringas forslag om at strøymetenestene må investere i norsk innhald
Dersom regelen om at strøymetenestene må investere i norske filmar og seriar, anten direkte eller gjennom bidrag til Filmfondet, blir vedtatt, får Medietilsynet oppgåvene med å handheve plikta til medfinansiering og å føre tilsyn.
– Dei nye reglane er fornuftige. Ordninga vil bidra til å styrke norsk produksjon i konkurranse med globale aktørar, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Medfinansieringsplikta for strøymetenestene er éin av fleire nye reglar Kultur- og likestillingsdepartementet har foreslått i ei høyring om endringar i blant anna kringkastingslova. Forslaga kjem som følge av endringar i EU-direktivet for audiovisuelle medietenester (AMT-direktivet).
Andre sentrale endringar er auka krav til universell utforming av bildeprogram, regulering av videodelingsplattformer, nye plikter til å fremme europeisk programinnhald for strøymetenester (audiovisuelle bestillingstenester) og ei oppmjuking av reglane om reklame og produktplassering. Medietilsynet får i oppgåve å føre tilsyn etter dei nye reglane.
Les meir om høyringa på regjeringa sine sider. Regjeringa planlegg å fremme ei sak til Stortinget i løpet av 2023.
Medietilsynet: – Best med kombinert investerings- og bidragsplikt
Medietilsynet meiner ei kombinert investerings- og bidragsplikt er det alternativet for medfinansiering som best kan gi eit breitt og variert filmtilbod, i tillegg til å styrke den norske filmbransjen. Plikta skal også gjelde for strøymetenester etablerte i andre EØS-land, men som rettar seg mot eit norsk publikum, som Netflix.
– Vi støttar forslaget frå departementet om at strøymetenestene må investere i norske filmar og seriar, anten direkte eller gjennom bidrag til Filmfondet. Globale aktørar har på kort tid blitt marknadsleiande, og føresetnaden for stabil og føreseieleg finansiering av norskspråklege produksjonar er under press, seier Sekkelsten.
Tv-kanalane og strøymetenestene må gjere innhaldet meir tilgjengeleg
Dei største tv-kanalane og strøymetenestene må gjere meir for å legge innhaldet sitt til rette for personar med funksjonsnedsettingar. Alle tilbydarar skal i tillegg lage planar for korleis dei gradvis kan gjere innhaldet meir universelt utforma, og rapportere dette til Medietilsynet. Medietilsynet får ansvar for å opprette eit digitalt kontaktpunkt der brukarar kan vende seg for å få informasjon.
– Medietilsynet meiner det er viktig at meir av dagens medieinnhald blir tilgjengeleg for enda fleire i befolkninga, inkludert dei som har ulike former for funksjonsnedsetjingar, seier Sekkelsten.
Andre sentrale forslag
- Videoplattformtenestene får blant anna plikt til å opprette tiltak for å beskytte mindreårige mot skadeleg innhald, allmenta mot ulovleg innhald og for å opplyse om kommersielt innhald. Dette er tenester som tilbyr brukargenererte videoar på plattforma si, som YouTube. Plattformer som YouTube og Facebook er etablerte i Irland og blir derfor følgde opp av den irske mediemyndigheita. Medietilsynet har kartlagt den norske marknaden for slike tilbydarar, og kartlegginga viser at det per i dag er ein svært liten marknad for norske tilbydarar. Tilsynet vil følge nøye med på korleis denne marknaden utviklar seg.
- Produktplassering blir som hovudregel tillaten, med unntak for nyheits- og aktualitetsprogram, forbrukarprogram, religiøse program, barneprogram og dokumentarar.
- Kringkastarane kan i større grad enn i dag plassere reklamen når dei vil på døgnet, ved at det blir enkelte endringar i reglane for reklamevolum.
- Lista i kringkastingsforskrifta over hendingar av vesentleg samfunnsmessig betydning blir utvida til å omfatte fotball-VM og -EM for kvinner og handball-EM og -VM for menn.
- Det blir innført registreringsplikt hos Medietilsynet for norske strøymetenester og videodelingsplattformstenester på same måten som kringkastarane har i dag.
- Endringar i kringkastingslova skal styrke den uavhengige rolla til Medietilsynet.