Nytt fra Medietilsynet
Meir undervisning og forsking er blant tiltaka i ny handlingsplan mot speleproblem
Auka kunnskap om dataspel og færre problemspelarar er måla med Kultur- og likestillingsdepartementet sin nye handlingsplan mot speleproblem. – Medietilsynet vil jobbe for at barna lærer meir om dataspel på skulen. Vi vil også bruke meir pengar på forsking for å auke kunnskapen om kva som fører til problemspeling hos barn og unge, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Den nye handlingsplanen mot speleproblem gjeld for perioden 2022–2025, og er utarbeidd av Medietilsynet saman med Lotteritilsynet og Helsedirektoratet. I alt er det sett av 17 millionar kroner årleg til arbeidet med å realisere handlingsplanen.
– Handlingsplanen har som mål at færrast mogleg skal ha problem med dataspel. I tillegg skal planen auke kunnskapen om dataspel og speleproblem. Dette er viktige mål som Medietilsynet er glad for å kunne bidra til, seier Velsand.
Barn skal få hjelp til å forstå korleis dataspeling verkar inn på eige liv
Medietilsynet planlegg å heve kompetansen om dataspel hos lærarar gjennom fleire informasjonstiltak. Tilsynet skal også utvikle læringsopplegg til bruk på foreldremøte og vurdere å lage eit undervisningsopplegg for ungdomstrinnet.
– Målet er at barna tidleg skal lære seg å handtere digitale relasjonar og få betre forståing for den plassen speling har i liva deira, seier Velsand.
Ungdommar som står aleine i krevjande livssituasjonar og som bruker gaming som meistringsarena, er særleg sårbare for å utvikle problematisk speleåtferd på sikt.
– For å kunne førebygge frå tidleg alder, må vi vite meir om dei situasjonane som får ungdommar til å isolere seg gjennom speling. Medietilsynet har derfor foreslått å auke dei øyremerkte midlane til medieforsking på dataspel frå 250 000 til 400 000 kroner. Vi treng meir forsking som ser på konteksten rundt unge sårbare gamere, og korleis dei positive sidene ved dataspel kan brukast for at færre skal få problem, seier Velsand.
Ny kunnskapsplattform om barn og dataspel
Medietilsynet og Lotteritilsynet har i fleire år samarbeidd om kampanjen snakkomspill.no, der foreldre og barn får råd og informasjon om dataspel. Kampanjen skal no bli ei kunnskapsplattform med informasjon om barn og dataspel. – Den nye plattforma skal blant anna ha råd og verktøy knytte til speling, informasjon om kvar ein kan få hjelp, nyttige artiklar og fagtekstar, seier Velsand.
Medietilsynet skal også denne planperioden arrangere dataspelkonferansar, der målgruppa er foreldre og vaksne som til dagleg jobbar med barn og unge. Målet er å anerkjenne at dataspel er ein stor hobby for mange, og samtidig belyse at spelinga skaper problem for enkelte. At barn og unge treng gode rollemodellar som speler dataspel, er også stadfesta i den nye handlingsplanen for speleproblem.
– Vi ønsker både å løfte fram kjende enkeltpersonar som speler, og å bevisstgjere foreldre om at dei er viktige forbilde gjennom eiga dataspeling, seier Velsand.