Nytt fra Medietilsynet
No kan du nominere ein journalist til menneskerettsprisen
Kulturdepartementets menneskerettspris for journalistar går til ein journalist som i særleg grad har sett søkelys på aktuelle menneskerettsspørsmål i Noreg. Prisen består av ei pengegåve på 100 000 kroner og eit trykk av kunstnaren Cathrine Alice Liberg.
Prisen skal inspirere til undersøkande journalistikk om menneskerettsspørsmål, og bidra til å avdekke eventuelle brot på menneskerettane. Alle kan foreslå kandidatar til prisen.
Prisen blir delt ut annakvart år, og neste vinnar blir offentleggjord hausten 2022. Nominasjonar må gjerast innan 15. august 2022.
Juryen, som er ny i år, består av Jens Barland (førsteamanuensis/prorektor v/Høyskolen Kristiania), Kiran Aziz (leiar for ansvarlege investeringer i KLP Kapitalforvaltning) og Hege Lamark (dosent ved Nord Universitetet).