Nytt fra Medietilsynet
NRK bryt krav til nynorskandel på nytt – nå krev Medietilsynet ein handlingsplan
NRK oppfylte samfunnsoppdraget i samsvar med krava i 2021, bortsett frå kravet til nynorskandel på radio og nett. Det viser Medietilsynets tilsynsrapport. – Vi ber no NRK om ein konkret plan for korleis nynorsk-kravet skal bli nådd for alle plattformer, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på tv, radio og nett, og prosentkravet må være oppfylt for kvar enkelt plattform. I 2021 blei kravet oppfylt berre på tv, mens radio og nett låg under med respektive 22,7 og 19 prosent nynorsk. NRK har aldri oppfylt kravet om 25 prosent nynorsk på nett, og på radio blei kravet brote både i 2020 og 2021.
– Medietilsynet har ved fleire tilfelle understreka at NRK må gjennomføre systematiske tiltak for å nå kravet på 25 prosent nynorsk på alle medieplattformer. Sjølv om NRK arbeider med tiltak for å auke nynorskandelen, og andelen nynorsk auka noko på nett i fjor, vurderer vi at det tar for lang tid. Medietilsynet ber derfor om ein konkret handlingsplan frå NRK, seier Velsand.
NRK samlar befolkninga og er ein viktig motvekt til falske nyheiter
Bortsett frå nynorsk-kravet konkluderer Medietilsynet med at NRK leverte godt på samfunnsoppdraget gjennom 2021. NRK skal oppfylle rundt 50 krav i allmennkringkastingsoppdraget, som er utforma for å sikre eit breitt og kvalitativt godt tilbod til heile befolkninga. Nyheiter, aktualitetar og kulturstoff for både breie og smale grupper er blant innhaldet NRK skal levere. Vidare skal NRK spegle mangfaldet i befolkninga og bidra til utdanning og kunnskap, skape arenaer for debatt, tilby innhald som er produsert i og tar utgangspunkt i distrikta og formidle ein brei variasjon av norsk kultur og norske kunstuttrykk. NRK har også ei særskild rolle i å tilby ei brei og balansert dekning av politiske val.
Medietilsynet konkluderer i tilsynsrapporten for 2021 med at NRK samlar befolkninga nasjonalt og er, saman med andre redaktørstyrte medium, ei viktig motvekt til alternative og ikkje-redaktørstyrte medium og falske nyheiter.
– Under pandemiåret 2020 vende svært mange seg til allmennkringkastarane for å få oppdatert og truverdig informasjon. NRK rapporterer at 2021 blei nok eit år med rekordstor interesse for nyheitsinnhaldet på alle plattformer, seier Velsand.
Hovudkonklusjonar frå Medietilsynets tilsyn med NRK for 2021
- Ved å oppfylle krava i allmennkringkastingsoppdraget bidrar NRK til å oppretthalde og auke mediemangfaldet.
- NRK bidrar til det norske mediemangfaldet både regionalt og nasjonalt, blant anna gjennom samarbeid med andre norske medieaktørar om deling, kvalitet, kompetanse og kunnskap.
- NRK hadde eit solid innhaldstilbod som kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap gjennom program av høg kvalitet og oppfylte kravet om å arbeide for høg kvalitet, mangfald og nyskaping. NRK oppfylte også kravet om å stimulere til kunnskap, forståing og bruk av andre medieplattformer blant brukarar i alle aldrar.
- NRK hadde ei brei nyheits- og aktualitetsdekning på radio, tv og nett. Satsing på undersøkande journalistikk aukar, og NRK jobbar for å sikre kvalitet og fordjuping.
- NRK dekte stortings- og sametingsvalet i 2021 på ein brei og balansert måte og sikra redaksjonell omtale av eit breitt spekter av dei politiske partia og listene som stilte til val.
- NRK reflekterer det geografiske mangfaldet i Noreg gjennom eit godt lokalt tilbod som er produsert, og tar utgangspunkt i distrikta. NRK oppfylte også kravet om å vere til stades i alle fylka.
- NRK Sápmi har daglege samiskspråklege program for den samiske befolkninga og har sendt innhald på både nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. NRK oppfylte også krava til jamlege program på samisk for både barn og unge.
- NRK viser og formidlar kunnskap om mangfaldet i det norske samfunnet både gjennom fleirkulturell kompetanse og innhaldstilbod. NRK har sendt program for nasjonale og språklege minoritetar i 2021.
- NRK oppfylte krava om å fremme retten barn har til ytringsfridom og informasjon og til å skjerme barn mot skadelege former for innhald. NRK oppfylte også kravet om å ha eigenutvikla innhald for barn og unge på internett som blir løpande oppdatert.
- NRK har samla, formidla og belyst eit breitt spekter av religiøse perspektiv og livssyn. Formidlinga har eit tyngdepunkt i kristne tradisjonar, og NRK har styrkt formidlinga frå islamske høgtider.
- NRK oppfylte kravet om å tilby kulturstoff til både smale og breie grupper, inkludert eigne kulturprogram. Kulturtema som ofte har eit smalare publikumspotensial, er også er ein del av tilbodet til NRK. Kulturdekninga famnar både norsk og internasjonalt kulturliv, og NRK gir den norske kulturen ulikt rom og ulik profilering i dei ulike kanalane.
- NRK bidrar til å fremme nye talent og lokale artistar. Kravet om minst 40 prosent norsk musikk blei oppfylt med god margin i NRK P1, NRK P2 og NRK P3. Ein monaleg andel hadde norsk tekstforfattar. Kringkastingsorkesteret dekte eit breitt repertoar frå underhaldningsmusikk til symfonisk musikk.
- NRK oppfylte kravet til minst 25 prosent nynorsk på tv i 2021, men oppfylte framleis ikkje kravet til nynorskandel på radio og nett. På radio var andelen nynorsk 22,7 prosent i 2021, om lag på same nivå som året før. På nett auka nynorskandelen frå 17 prosent i 2020 til 19 prosent i 2021.
- NRK har brei formidling av norsk drama som er produsert internt og eksternt i det norske produksjonsmiljøet. NRK oppfylte kravet om å legge ut minst 40 prosent av det frie programbudsjettet på tv i rullerande treårsperiodar med god margin.
- NRK hadde sportssendingar som dekte både breidda i norsk idrettsliv og store idrettsopplevingar – i den grad slike arrangement blei gjennomførte trass koronapandemien. NRK dekte også fleire sportsarrangement for parautøvarar og sende direkte frå dei paralympiske leikane i Tokyo.
- NRK arbeider systematisk og godt med universell utforming av innhaldstilbodet og har eit breitt tilbod til syns- og høyrselshemma.
Ikkje tid til å lese heile? Les kortversjonen av rapporten her