Oppgaver
Medietilsynets internasjonale arbeid
Hovudoppgåva til Medietilsynet er å fremme demokrati og ytringsfridom ved å styrke mediemangfaldet og den kritiske medieforståinga. Vi arbeider nasjonalt og internasjonalt for å sikre norske statsborgarar tilgang på nasjonale og lokale medium med eit variert innhald, på analoge og digitale flater. Vi arbeider for at lesarar, lyttarar og sjåarar har kompetanse til å vurdere truverdet i medieinnhaldet, i Noreg og i utlandet.
Å vere ei nasjonal stemme i dei globale diskusjonane er ein del av Medietilsynets strategi 2021-23. Medietilsynet tar aktivt del i arbeidet i EU med mål om å regulere internett og globale teknologiplattformer. I tillegg tek Medietilsynet del i fleire internasjonale nettverk innan mediefeltet.
Europeiske nettverk
Medietilsynet deltek i fleire europeiske nettverk og har kontakt med mediemyndigheiter i og utanfor Europa. Vi har eit nært samarbeid med myndigheiter i Norden. Nokre av dei internasjonale nettverka Medietilsynet deltek i:
European Regulators Group on Audiovisual Media (ERGA)
ERGA er ei ekspertgruppe som gir råd til Europakommisjonen om medierelaterte spørsmål. Medietilsynet deltek i arbeidsgrupper som gir råd om forordninga for digitale tenester, forordninga for digitale marknader, mediefridomsforordninga og bransjenormen mot desinformasjon, i tillegg til direktivet for audiovisuelle medietenester og spørsmål om kritisk medieforståing. Medietilsynet er medlem av ERGA, men er utan stemmerett.
European Platform of regulatory authorities (EPRA)
EPRA er eit europeisk nettverk som består av representantar frå omlag 50 mediemyndigheter frå 47 land. EPRA har ingen bindingar til EU. Målet er å utveksle erfaringar og kompetanse om aktuelle tema på mediefeltet. Medietilsynets direktør Mari Velsand har sidan 2019 vore styremedlem i EPRA.
Nordisk møte for kringkasting og mediestøtte
Mediemyndigheitene i dei nordiske landa samarbeider på kringkastings- og mediestøtteområdet gjennom eit årleg møte – og gjennom jamleg kontakt. Formålet er erfaringsutveksling og drøfting om medieregulering.
I tillegg til desse deltar Medietilsynet i følgjande internasjonale nettverk:
- Europakommisjonens ekspertgruppe om tryggare internett for barn (Safer Internet for Children)
- Europakommisjonens ekspertgruppe om kritisk medieforståing (Media Literacy)
Europakommisjonens kontaktkomité etter AMT-direktivet
Kontaktkomiteen skal blant anna medverke til ei effektiv gjennomføring av AMT-direktivet ved å diskutere praktiske problem som oppstår. Oppgåvene og verkemåten følger av AMT-direktivet artikkel 29. Medlemmene i komiteen er representantar for myndigheitene i EU-landa, ofte på departementsnivå. Det norske Kulturdepartementet er representert på møta og kan ved behov ta med ein deltakar frå Medietilsynet.
Nordisk møte for filmsakkunnige
Samarbeid mellom filmklassifiseringsmyndigheiter i Danmark, Finland, Norge og Sverige. Formålet er erfaringsutveksling og drøfting om audiovisuelt innhald og aldersgrenser.
INSAFE
Network of Awareness Centres promoting safe, responsible use of the Internet and mobile devices to young people.
Insafe er et nettverk mellom europeiske Safer Internet-sentre (SIC) med prosjekt som inngår i EU-programmet Connecting Europe Facility (CEF).
Nordisk møte for kringkasting og mediestøtte
Dett er et nettverk av nordiske mediemyndigheiter med formål om å utveksle erfaringar og styrke det internasjonale samarbeidet.
ICC
ICC (Interational Classifiers' Conference) har som formål å dele erfaringar om aldersklassifisering av film.
PEGIs råd
PEGIs råd (Pan-European Game Information Council) har som formål å dele erfaringar i Europa om aldersklassifisering av digitale spel.
Det utøvande rådet for Det europeiske audiovisuelle observatoriet
Observatoriet (Executive Council for the European Audiovisual) har som formål å analysere det juridiske rammeverket og marknaden for audiovisuelle medietenester i Europa.
For spørsmål om det internasjonale arbeidet i Medietilsynet, ta kontakt med Audun Aagre.