Pågående prosjekter og utredninger
Handlingsplan mot speleproblem
Handlingsplanen ligg under Kulturdepartementet, og målet er å skaffe kunnskap og utarbeide tiltak som bidrar til at færrast mogleg får problem med spel.
Medietilsynet har vore involvert i handlingsplanen sidan 2009, og arbeidsgruppa består, i tillegg til Medietilsynet, av Lotteritilsynet og Helsedirektoratet. Ansvarsområdet for Medietilsynet i planen er det som vedkjem dataspel, og omfattar tiltak som skal sørge for at færrast mogleg barn og unge i Noreg skal få problem med dataspel, i tillegg til å auke kompetansen på feltet.
I 2023 vil Medietilsynet jobbe med mellom anna å vidareutvikle kunnskapsplattforma Snakkomspill.no, som tilbyr fakta, råd og rettleiing om barn og dataspel. Det vil bli laga ei videoserie som skal bidra til meir og betre inkludering av jenter i dataspel, og at dataspel skal vere ein tryggare aktivitet for alle barn. Eit nytt undervisningsopplegg skal og utviklast. Det vil og bli utlyst forskingsmidlar øyremerka dataspel under tilskottsordninga for medieforsking.
I 2022 blei det mellom anna gjennomført dataspelkonferanse, delt ut midlar til meir forsking, og dei mest populære artiklane på Snakkomspill.no blei omsett til engelsk og arabisk.
I planperioden 2019-2021 blei det digitale familiespelet «Stjernekolonien» lansert, eit digitalt verktøy som skal gjere det lettare for familiar å snakke saman om den digitale kvardagen. Informasjon om pengebruk i spel og lootboksar/forundringspakkar blei også prioritert.
Har du spørsmål om handlingsplanen, ta kontakt via vårt kontaktskjema.