1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

Årsmelding for lokalkringkasting for 2017

Norges lover - kringkasting

Skjema for årsmelding for lokalradio og lokal-tv for 2017 er no klart. Alle konsesjonærar på FM, anleggskonsesjonærar på DAB og lokal-tv-konsesjonærar skal levere årsmelding.

Årsmeldingane skal gi bransjen og styresmaktene nødvendig informasjon om tilstanden i bransjen. Kvaliteten på dei meldingane vi får er avgjerande for å kunne gi eit riktig bilete.

For anleggskonsesjonærar på DAB er det eit vilkår i konsesjonsvedtaket med plikt til å levere ein rapport til Medietilsynet om verksemda frå det førre året innan 1. april kvart år. Dette skal frå i år gjerast på fastsette skjema.

Om du har fleire konsesjonar må du levere separat årsmelding for kvar konsesjon inkluderte separate nøkkeltal for økonomien.

Skjema og rettleiingar finn du her 

  • Skjema for lokalradio på FM og lokal-tv finn du her
  • Skjema for anleggskonsesjonærar på DAB finn du her
  • Vi viser til § 7-11 i kringkastingsforskrifta som pålegg konsesjonærane på FM og lokal-tv å sende årsmelding om si verksemd innan 1. april kvart år.
  • Medietilsynet har sendt brev til den einskilde kringkastar per e-post.
  • Frist for innlevering er 10. april 2018.

For meir informasjon, kontakt Robin Welhaven Føyen eller Tone Haugan-Hepsø