1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2018

Nytt fra Medietilsynet

Ny leiar i Kringkastingsrådet

Kongen i statsråd oppnemnde fredag sine medlemer til Kringkastingsrådet for perioden 2018 - 2021. Stortinget oppnemnde sine medlemer i desember.

  – For regjeringa er det viktig å sikre NRK som eit ikkje-kommersielt allmennkringkastingstilbod av høg kvalitet. Julie Brodtkorb har brei erfaring frå næringsliv, politikk, og medier og eg er trygg på at ho vil leie rådet på en god måte. Det nye rådet er sett saman med omsyn til kontinuitet og behovet for fleire yngre medlemer. Samstundes har vi styrkt den medievitskapelege kompetansen og erfaringa frå publisistisk verksemd, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Etter oppnemninga blir det nye rådet slik:

  • Leiar: adm. dir. Julie Brodtkorb, Oslo (ny)
  • Varamedlem: kommunikasjonsdirektør Bente E. Engesland, Oslo (ny)
  • Nestleiar: forskar Torgeir Uberg Nærland, Bergen
  • Varamedlem: generalsekretær Rune Hetland, Vikebygd
  • Medlem: lege Bushra Ishaq, Oslo (ny, tidl. varamedlem)
  • Varamedlem: sjølvstendig rådgjevar Ida Aalen, Oslo (ny)
  • Medlem: redaktør Vebjørn Selbekk, Moss
  • Varamedlem: dagleg leiar Inger Gunn Sande, Brønnøysund
  • Medlem: førsteamanuensis Eiri Elvestad, Borre (ny)
  • Varamedlem: formidlingssjef Randi Wenche Haugen, Trondheim
  • Medlem: konseptutviklar Marius Karlsen, Tromsdalen (ny)
  • Varamedlem: postdoktor Erik Knudsen, Bergen


Stortinget oppnemnde 13. desember 2017 desse medlemene: 

  • Medlem: Sigvald Oppebøen Hansen, Nissedal
  • Varamedlem: Espen Granberg Johnsen, Lillehammer
  • Medlem: Tove Karoline Knutsen, Tromsø
  • Varamedlem: Inger Løite, Gjerstad
  • Medlem: Marvin Wiseth, Trondheim
  • Varamedlem: Jens Johan Hjorth, Tromsø
  • Medlem: Trude Drevland, Bergen
  • Varamedlem: Gunn Cecilie Ringdal, Lier
  • Medlem: Ove Vanebo, Oslo
  • Varamedlem: lb Thomsen, Nittedal
  • Medlem: Kathrine Kleveland, Holmestrand
  • Varamedlem: Joakim Karlsen, Halden
  • Medlem: Akhtar Chaudhry, Oslo
  • Varamedlem: Anders Tyvand, Tønsberg


Kringkastingsrådet er eit rådgjevande organ for Norsk rikskringkasting. Rådet skal drøfte og uttale seg om hovudlinene for programverksemda i Norsk rikskringkasting. Åtte av medlemene i rådet vert oppnemnde av Stortinget, medan seks, inkludert leiar og nestleiar blir oppnemnde av Kongen i statsråd.


I tillegg er den som til kvar tid er leiar for Samisk Programråd medlem i rådet, og like eins er nestleiaren i Samisk Programråd personleg varamedlem for leiaren. Det er Sametinget som oppnemner Samisk programråd.

Saka er henta frå Kulturdepartementet sine nettsider