1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2019

Nytt fra Medietilsynet

Ny studie: Dataspel skaper konfliktar i innvandrarfamiliar

For å gjere det enklare for foreldre å snakke med barna om dataspel uansett språk har Medietilsynet omsett råd om dataspel til dei fem mest brukte språka i Noreg. Foto Medietilsynet

Språkbarrierar, lite kjennskap til støtteapparatet og frykt for å be om hjelp kan skape problem i innvandrarfamiliar med barn som speler mykje dataspel. Det viser ein ny studie Vestlandsforsking og NLA Mediehøgskolen Gimlekollen har gjort ved hjelp av forskingsmidlar frå Medietilsynet.

– Nesten alle barn speler dataspel, og for mange er det ein viktig hobby. Barn treng foreldre som involverer seg, også når det gjeld dataspel. For å gjere det enklare for foreldre å snakke med barna om dataspel uansett språk har vi omsett råda våre om dataspel til dei fem mest brukte språka i Noreg, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Her kan du lese råda frå Medietilsynet på arabisk, bokmål, engelsk, polsk, nynorsk, samisk, somali og tigrinja.

Eitt av forslaga frå Vestlandsforsking for å førebyggje problemspeling blant innvandrarungdom er nettopp å gi ut informasjon på fleire språk, slik Medietilsynet har gjort.

Regjeringa prioriterer forsking på dataspel

Tal frå Medietilsynets undersøking Barn og medier 2018 viser at 96 prosent av gutane og 63 prosent av jentene i alderen 9–18 år speler dataspel.

Vestlandsforsking har dei siste tre åra fått litt over éin million kroner i støtte frå Medietilsynet til å forske på dataspel og innvandrarungdom.
– Støtte til forsking om dataspel er eit prioritert område, som det er sett av midlar til gjennom handlingsplanen regjeringa har sett i verk mot speleproblem, seier Mari Velsand.

Forskarane oppmodar lokalsamfunn til å tilby andre aktivitetar enn berre sport

I 2019 har forskarane ved Vestlandsforsking og NLA Mediehøgskolen Gimlekollen sett på kva som kan førebyggje problemspeling blant innvandrarungdom. Dei fann at familiane hadde utfordringar med blant anna språk, manglande lese- og skriveferdigheiter og lite samarbeid mellom mor og far om å følgje opp dataspelinga til ungdommane. Forskarane fann også at foreldra synest det er vanskeleg å be om hjelp, og har liten kjennskap til støtteapparatet. Foreldra synest også det er utfordrande å lage reglar og setje grenser for dataspeling på ein fornuftig måte.

– I tillegg til å informere om dataspel på fleire språk meiner vi at dei ulike offentlege instansane må jobbe betre saman og synleggjere aktuelle tilbod og aktivitetar for innvandrarforeldre. Særleg på små stader etterlyser foreldra tilbod om fritidsaktivitetar som ikkje berre er sportsrelaterte, seier Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking, ein av forskarane som står bak studien.

Tidsbruk skaper ofte konflikt også i innvandrarfamiliar

I mange heimar med dataspelande barn er tidsbruk ofte ei kjelde til konflikt. Dette fann også Vestlandsforsking i studien sin frå 2018 om dataspelregulering i innvandrarfamiliar. Foreldra er bekymra for at det ikkje blir brukt nok tid på lekser, og for at barna speler valdelege spel. Forskarane fann at det var mindre konflikt i familiar der foreldra har dialog med barna og lærer seg meir om spel ved for eksempel å spele med barna.

– For dei fleste er dataspel ein positiv og sosial aktivitet. Medietilsynet rår foreldra til å engasjere seg i dataspel og setje grenser for spelinga slik dei gjer på andre område i livet til barna, noko som er i tråd med funna Vestlandsforsking har gjort om at dialog og deltaking er måten å gjere det på, seier Mari Velsand.

Dataspel kan vere inkluderande og bidra i integreringa

Dataspel er også kulturelt inkluderande og viktig i kvardagen for mange ungdommar. Det fann Vestlandsforsking ut i 2017, da forskarane undersøkte kva forhold innvandrarungdom hadde til dataspel.
– Dataspeling kan vere ein like viktig arena for å skape vennskap og tilhøyr i eit lokalsamfunn som fotballbanen, seier Corneliussen.

Eigenskapar ved figurane i spelet var viktigare enn etnisitet eller religion hos dei som spelte, noko som førte til at dei som spelte, opplevde at dei blei inkluderte uansett kva kultur dei høyrde til. Forskarane fann også at fleire gutar enn jenter spelte, og at jentene følte seg ekskluderte fordi dei ikkje fekk spele med gutane.

Ved førespurnader frå pressa: Ta kontakt med Nina Bjerke.