1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt 2019

Medietilsynet: Avisa Korsets Seier får ikkje støtte

Medietilsynet har kome fram til at den redaksjonelle profilen til Korsets Seier er for snever til å vere retta mot allmenta. I tillegg dekkjer ikkje avisa eit breitt spekter av saker frå ulike samfunnsområde. Foto Medietilsynet

Korsets Seier får ikkje mediestøtte slik selskapet har søkt om. Medietilsynet har konkludert med at avisa ikkje oppfyller krava som støtteordninga stiller til formål og innhald.

– Medietilsynet vurderer at Korsets Seier ikkje oppfyller alle vilkåra i forskrifta for å kvalifisere til produksjonstilskott. Avisa får dermed avslag på søknaden sin, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Produksjonstilskottet er den største av dei direkte mediestøtteordningane, og er eitt av verkemidla staten har for å fremje mediemangfald. Formålet med ordninga er å leggje til rette for den breie samfunnsdebatten, og å halde befolkninga breitt og generelt orientert om ulike samfunnsspørsmål.

Avisa fyller ikkje vilkåra om allmennheit og innhald frå ulike samfunnsområde

Medietilsynet har kome fram til at den redaksjonelle profilen til Korsets Seier er for snever og avgrensa til at avisa kan seiast å vere retta mot allmenta. I tillegg handlar ein stor del av innhaldet i Korsets Seier om pinsekyrkjelydane, og avisa dekkjer derfor etter Medietilsynets vurdering ikkje eit breitt spekter av saker frå ulike samfunnsområde.

– For å få støtte må hovudformålet med publikasjonen vere å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta, og publikasjonen må ha eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde. Etter grundige analysar og vurderingar er vi komne fram til at Korsets Seier ikkje oppfyller vilkåra om formål og innhald, seier Velsand.

Avslag for andre gong

Korsets Seier søkte for første gong om produksjonstilskott i 2016, men fekk også då avslag. Grunngivinga frå Medietilsynet var den same som no: Avisa oppfylte ikkje vilkåra om formål og innhald. Avisa sjølv meiner at den redaksjonelle profilen er betydeleg endra sidan 2016. Som ein del av saksbehandlinga har Medietilsynet henta inn analysar av innhaldstilbodet til Korsets Seier frå Høgskulen i Volda.

– Vedtaket vårt om å avslå søknaden frå Korsets Seier er i tråd med tilrådinga i rapporten frå Høgskulen i Volda og innstillinga frå tilskottsutvalet, seier Velsand.

Tilskottsutvalet er oppnemnt av Kulturdepartementet og gir råd til Medietilsynet når nye søkjarar blir vurderte.

Korsets Seier kan klage på vedtaket i Medietilsynet til Medieklagenemnda.

Pressa kan kontakte Nina Bjerke med spørsmål.

Fakta om produksjonstilskottet

• Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.
• Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader.
• Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
• Medietilsynet skal fordele 318 millionar kroner i produksjonstilskott i år.
• Produksjonstilskottet blei fordelt for første gong i 1969.
• Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.

Les meir om produksjonstilskottet på nettsidene til Medietilsynet

Krava forskrifta stiller til formål og innhald

Tilskott blir berre gitt til nyheits- og aktualitetsmedium som:
1. har som hovudformål å drive journalistisk produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta. Tilskot blir ikkje gitt til medium som har som hovudformål å drive med reklame eller marknadsføring. Det blir heller ikkje gitt tilskot til medium som hovudsakeleg rettar seg mot medlemmer eller tilsette i bestemte organisasjonar, foreiningar eller selskap;
2. inneheld eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde. Tilskott blir ikkje gitt til medium som inneheld ei overvekt av annonsar. Tilskott blir heller ikkje gitt til medium som i all hovudsak inneheld stoff om eitt eller nokre få samfunnsområde, eller som i hovudsak inneheld stoff vinkla ut frå ein spesiell fagleg, politisk, ideologisk, religiøs eller etnisk bakgrunn.
Les heile forskrifta her

Vedtak om avslag for søknad om produksjonstilskott 2019 for Korsets Seier

Rapport frå Høgskulen i Volda – innhaldsanalyse av Korsets Seier

Tilråding frå tilskottsutvalet – protokoll