1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt 2019

Medietilsynet lyser ut innovasjonsstøtte for neste år: 20 millionar kroner til innovasjon i media

Målet med innovasjons- og utviklingsstøtta er å styrke mediemangfaldet og den opplyste offentlege samtalen ved å gjere det lettare for media å digitalisere og drive innovasjon. Foto Medietilsynet

Medietilsynet lyser nå ut innovasjonsstøtte for 2020. Potten for neste år er dobla til 20 millionar kroner. Auken skal særleg gå til digitaliseringstiltak i aviser som blir ramma når Posten distribuerer aviser færre dagar i veka.

– Den auka støtta er eit viktig bidrag til arbeidet med å digitalisere og omstille drifta i ulike medieverksemder, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Innovasjonsstøtta skal styrke mediemangfaldet

Medietilsynet fordelte tidlegare i år ti millionar kroner til over 20 medieverksemder, som blant anna skal lage dronejournalistikk, dialektteneste, turistradio og utvikle og lage nye nettaviser. Etter at regjeringa foreslo å doble støtta i forslaget til statsbudsjettet for neste år, skal altså Medietilsynet fordele 20 millionar kroner i innovasjonsstøtte i 2020.

Målet med innovasjons- og utviklingsstøtta er å styrke mediemangfaldet og den opplyste offentlege samtalen ved å gjere det lettare for nyheits- og aktualitetsmedium å digitalisere og drive innovasjon. Ordninga skal særleg stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.

Ekstra støtte på grunn av postomlegginga

Mange aviser får utfordringar med distribusjonen når Posten legg om til postfordeling annakvar vekedag i staden for kvar vekedag som nå. For å hjelpe desse avisene med digitalisering og omstilling, har regjeringa foreslått å auke innovasjonsstøtta med ti millionar kroner neste år. Potten blir dermed dobla frå i år til 20 millionar kroner. Aviser som blir ramma av postomlegginga kan søke om midlar til å omstille og digitalisere dersom dei fyller dei generelle vilkåra for å få støtte. I fordelinga av midlar vil Medietilsynet prioritere:

• Lokale samarbeidstiltak som gjer at midlane kommer flest mogeleg til nytte
• Tiltak som gjer at avisene blir mindre avhengige av papir
• Prosjekt i aviser som har ein stor del av økonomien knytt til papirutgåver og der ein stor del av papiropplaget blir distribuert utanfor bustadtette område

Prosjekt for innvandrarar, språklege minoritetar og funksjonshemma blir prioriterte

Når Medietilsynet skal fordele innovasjonsstøtta for 2020 blir også søknader som rettar seg mot innvandrarar og språklege minoritetar, prioriterte. Det same vil prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar.

Alle prosjekt må fylle dei generelle vilkåra for innovasjonsstøtte. For å få støtte må mediet ha som hovudføremål å drive journalistisk produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til befolkninga frå ulike samfunnsområde. Mediet må ha ein ansvarleg redaktør i tråd med Redaktørplakaten. Støtte kan bli gitt til prosjekt som utviklar redaksjonelt innhald eller som utviklar eller implementerer nye løysingar for produksjon, publisering, spreiing eller konsum av redaksjonelt innhald. Fleire medium kan gå saman om å søke om midlar til fellesprosjekt. Støtte kan også bli gitt til forprosjekt.

Søknadsfrist er 20. januar.

Her finn du søknadsskjema og meir informasjon om innovasjonsstøtta

Fakta om innovasjonsstøtta

• Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018 og blir forvalta av Medietilsynet
• Frist til å søke støtte for 2020 er 20. januar. Regjeringa har foreslått å fordele 20 millionar kroner i 2020, og pengane blir fordelte i éin tildelingsrunde
• Aviser som får utfordringar med distribusjonen på grunn av endringar i postlova med færre omdelingsdagar, kan få støtte til digitalisering og omstilling 
• Prosjekt som rettar seg mot innvandrarar og språklege minoritetar, vil bli prioriterte
• Prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, vil bli prioriterte

Ved pressespørsmål, ta kontakt med Nina Bjerke.