1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2019

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet har fordelt nær 34 millionar kroner i støtte til samiske aviser

Dei samiske avisene får auka støtta med fem millionar kroner frå året før. Foto Medietilsynet

Dei fire avisene Avvir, Sagat, Snåsningen og Lokalavisen Nordsalten fekk til saman 33,77 millionar kroner i støtte i 2019. Det er ein auke på fem millionar kroner frå året før.

Dei samiske dagsavisene Avvir og Sagat fekk respektive 18,81 og 13,6 millionar kroner. Avvir nyttar nordsamisk, mens Sagat skriv i hovudsak på bokmål.

I tillegg fekk lokalavisa Snåsningen 625 968 kroner for innstikk på sørsamisk, og Lokalavisen Nordsalten fekk 725 427 kroner for innstikk på lulesamisk.

Éin søkar fekk avslag – klaga på vedtaket

I samband med tildelinga til dei samiske avisene i år fekk Medietilsynet også ein søknad om tilskott frå den samiske avisa SÁMI ođasmagasiidna.

Etter ei vurdering fann Medietilsynet at opplaget til avisa var lågare enn minstekravet på 750 eksemplar og avslo søknaden.

Avisa har klaga på vedtaket. Klaga er for tida under behandling hos Medietilsynet.

Les meir om støtteordninga til samiske aviser her

For meir informasjon, kontakt Nina Bjerke