1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2019

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet støttar lovforslag for å stoppe ulovleg pengespelreklame

Det nye lovforslaget vil gi Medietilsynet moglegheit til å påleggje distributørar å hindre eller gjere det vanskelegare å marknadsføre pengespel utan løyve i Noreg. Foto Medietilsynet

Medietilsynet støttar regjeringa sitt forslag om å stoppe pengespelreklame som er ulovleg etter norsk rett. - Lovendringa gjer det lettare å slå ned på marknadsføring av pengespel som ikkje er tillaten i Noreg, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Berre nokre få aktørar, som Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, har lov til å reklamere for pengespel i Noreg. I høyringsfråsegna si støttar Medietilsynet forslaget til endring i kringkastingslova. Den nye loven vil gi Medietilsynet moglegheit til å påleggje distributørar å hindre eller gjere det vanskelegare å marknadsføre pengespel utan løyve i Noreg.

Gir moglegheit til å redusere pengespelreklamen frå utlandet

Trass i at det berre er Norsk Tipping, Norsk Rikstoto og enkelte private lotteri som har lov til å reklamere for pengespel i Noreg, blir norske sjåarar eksponerte for store mengder pengespelreklame som blir send eller gjord tilgjengeleg frå utlandet. Dette gjeld i sendingar både frå fjernsynskanalar og via såkalla audiovisuelle bestillingstenester (program som kan sjåast på det tidspunktet sjåaren ønskjer).

– Den innstramminga av lovverket som no blir foreslått er positiv av fleire grunnar. Den kan hjelpe dei sårbare spelarane, samtidig som det blir lettare for folk å skilje mellom lovleg og ulovleg reklame. I Medietilsynets nye undersøking om kritisk medieforståing kjem det fram at omkring ein av fem av dei spurde trur det er lov å publisere reklame for utanlandske pengespel i norske medium, seier Velsand.

Må vurdere kva som er praktisk og teknisk mogeleg

Medietilsynet er einig med departementet i at det bør kunne gripast inn mot alle former for ulovleg marknadsføring av pengespel. I høyringsfråsegna si påpeiker tilsynet at det likevel kan oppstå utfordringar når den ulovlege marknadsføringa må skiljast frå anna kommersielt og redaksjonelt innhald.

– For eksempel kan reklame som sendast på fjernsyn i blokker mellom redaksjonelle program lettare skiljast frå anna innhald enn det produktplassering kan fordi produktplassering er meir integrert i det redaksjonelle produktet, seier Velsand.

Medietilsynet meiner det bør vurderast nærmare korleis ulovleg reklame kan skiljast frå anna innhald før dei nye reglane tre i kraft.

– For at Medietilsynet skal kunne handheve dei nye reglane, er det avgjerande at det er teknisk mogeleg å skilje ut den ulovlege reklamen utan at dette grip inn i det redaksjonelle innhaldet. Vi føreset at dette lèt seg løyse, men påpeiker at løysingar må på plass for at vi skal ha moglegheit til å gjere jobben vår som tilsynsstyresmakt, seier Velsand.

Ved spørsmål, ta kontakt med Nina Bjerke.