1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Aldersgrenser må setjast for alt innhald på YouTube

Alle norske YouTube-kanalar må setje aldersgrenser på videoane sine. Det gjeld uavhengig av om målgruppa for innhaldet er over eller under 13 år.

Medietilsynet har fått spørsmål om merking av aldersgrenser på videodelingsplattformer i samband med at YouTube har innført ein praksis der alle som skal publisere videoinnhald, må ta stilling til om målgruppa er over eller under 13 år.

Medietilsynet ønskjer derfor å presisere korleis lovverket skal følgjast på dette feltet.

Youtubarar må følgje både YouTubes og Medietilsynets reglar om merking

Dersom målgruppa er under 13 år, vil YouTube avgrense datainnsamlinga frå dei som ser på desse videoane. YouTube vil heller ikkje vise målretta reklame i samband med dette innhaldet, og det vil ikkje vere mogleg å kommentere og å få varsel. Formålet er ifølgje YouTube å bidra til å verne barna og personvernet deira betre på YouTube.

Medietilsynet meiner det er positivt med tiltak som bidrar til å tryggje barn og unge på nettet. Samtidig er det viktig å understreke at vi ikkje må forveksle vurderinga av om målgruppa er over eller under 13 år, med plikta alle innehavarar av norske YouTube-kanalar har til å aldersklassifisere innhaldet etter biletprogramlova.

Biletprogramlova skal verne barn mot innhald som kan vere skadeleg

Medietilsynet har ansvar for å handheve biletprogramlova. Denne lova har som formål å verne mindreårige mot skadeleg påverknad frå levande bilete, det vil seie innhald som kan verke kjenslemessig opprivande eller forstyrrande på mindreårige.

Biletprogramlova har altså eit anna formål enn å vurdere kva målgruppe innhaldet er meint for. Dette vil kunne innebere at innhald kategorisert for målgrupper over 13 år etter praksisen YouTube følgjer, kan få aldersgrense under 13 år etter biletprogramlova dersom ein ikkje reknar innhaldet som skadeleg for barn under 13 år.

Medietilsynet understrekar at dersom du er etablert i Noreg og legg ut videoar på ein YouTube-kanal, har du plikt til å vurdere om innhaldet kan vere skadeleg for unge i ulike aldersgrupper, og til å setje ei aldersgrense basert på retningslinjene frå Medietilsynet. Retningslinjene finn du her.

  Abonner på nyheter (RSS)