1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Barn og unge fortener Youtube og dataspel på norsk

Når norske barn ser på Youtube, strøymer film og speler dataspel, badar dei i engelskspråkleg innhald. Det er på tide å ta mediebruken til barn og unge på alvor og tilby norsk innhald i dei kanalane dei sjølve liker best.

– Det stopper opp hvis man må si det på norsk.

– Jeg liker best å skrive på engelsk. Det er enklere å skrive. Jeg er veldig vant til det.

– Da jeg skulle streame, snakket jeg på engelsk, fordi flere skulle forstå meg. Det er et worldwide språk.

Eksempla over er frå intervju Språkrådet har gjort med norske barn og unge våren 2020. Dei viser eit dilemma: Korleis kan vi delta i ein internasjonal og oftast engelskspråkleg kultur og samtidig ta vare på det norske språket?

At norske barn og unge elskar å spele dataspel, sjå videoar på YouTube og filmar på ulike strøymetenester, er ikkje noko nytt. Men for første gong har Medietilsynet i samarbeid med Språkrådet no funne ut kva for språk som møter dei unge på ulike medieflater.

Undersøkinga Barn og medier 2020 frå Medietilsynet viser at seks av ti barn og unge møter mest engelsk når dei ser på videoar på Youtube. Når barna konsumerer nyheiter, seier derimot sju av ti at dei møter mest norsk innhald. Kvifor er det slike forskjellar?

Eit spørsmål om pengar?

Pengar kan vere ei årsak. Mediestøtte, momsfritak og kringkastingsavgift er med på å sikre mediemangfald og brei nyheitsproduksjon på norsk i Noreg. Og sjølv om mange unge får med seg mindre nyheiter enn vi kanskje skulle ønske, viser Barn og medier 2020 at dei nyheitene dei faktisk får med seg, er på norsk.

Derimot finst det ingen direkte støtteordningar for produksjon av innhald på norsk på Youtube. Dei som ønsker å lage norske videoar på YouTube, konkurrerer med store utanlandske aktørar med svulmande finansielle musklar. Då blir det vanskeleg for norske produsentar å slå frå seg.

Situasjonen er ganske lik når det gjeld dataspel. Marknaden er dominert av utenlandske spel, og norsk språk er nærast marginalisert. Sju av ti av 9–18-åringar som speler dataspel, meiner det gjer dei flinkare i engelsk. Det er positivt, men gode og engasjerande dataspel bør òg vere tilgjengelege på norsk. Heldigvis finst det støtteordningar for produksjon av norskspråklege spel, og regjeringa har varsla ei dobling i støtta til dataspel innan få år. Det trengst, dersom ein skal skape eit reelt alternativ til det engelskspråklege innhaldet.

Men når barna blir gode i engelsk – er engelskdominansen då eigentleg eit problem?

Svaret er ganske enkelt: Det er det opp til oss som samfunn å avgjere. Ein viktig grunn til at vi har ein kultur- og mediepolitikk i Noreg, er at vi vil sikre at det norske språkfellesskapet står sterkt. Det er brei politisk semje om at det er verdifullt å ha norsk som fellesspråk også i framtida. Då treng vi norskspråklege kultur- og medieprodukt.

I ei stadig meir internasjonalisert verd treng barn og unge å vere gode i engelsk. Det vi må unngå, er at engelsk tar fullstendig over på enkelte samfunnsområde, slik at norsk ikkje lenger er i bruk, eller at norsk ikkje klarer å etablere seg på nye område i det heile tatt. Då kan vi få ein situasjon der barn og unge opplever at norsk språk ikkje lenger er særleg relevant for dei.

Dersom norsk berre kan brukast i trykte bøker, og ikkje på digitale flater, har norsk språk det vi kallar eit statusproblem. Då er det fort gjort at norsk kan virke mindre brukeleg også i andre samanhengar.

Språk er kultur, ikkje natur

Det er ikkje ei naturlov at alle dataspel må vere på engelsk. Men det kan vere uvant når eit språk blir introdusert på eit område der det er lite brukt. Vi kan difor ikkje forvente at barn og unge sjølve skal krevje å få dataspel på norsk.

I eit lite språksamfunn er det eit politisk ansvar å legge til rette for eit slikt tilbod. Men det krev handling og ressursar; musklane til den engelskspråklege mediebransjen er enorme.

I dag har vi støtteordningar som sikrar kvalitetslitteratur for barn og unge på norsk. På Youtube blir derimot norske barn og unge fôra med algoritmestyrt, kommersielt innhald, for det meste på engelsk.

Vi trur at ei prøveordning med støtte for kvalitetssikra, norskspråkleg innhald på YouTube kan bøte på noko av denne skeivfordelinga. Barn fortener å møte historier der dei kan kjenne igjen sin eigen kvardag og sitt eige språk, også i dei kanalane der dei bruker mest tid. Det handlar om å ta barn og unge på alvor.

Åse Wetås, direktør i Språkrådet          Mari Velsand, direktør i Medietilsynet

  Abonner på nyheter (RSS)