1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Statsbudsjett 2020: Støtta til media aukar med 50 millionar kroner

Medietilsynet skal fordele 358 millionar kroner i produksjonstilskott og 20 millionar kroner i innovasjonsstøtte neste år dersom forslaget til regjeringa blir vedtatt. Foto Medietilsynet

Regjeringa foreslår ein auke på til saman 50 millionar kroner i mediestøtte i statsbudsjettet for 2020. – Det er positivt at regjeringa aukar støttenivået i ein krevjande omstillingsperiode for mediebransjen, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Dei 50 millionane som er foreslåtte i auka mediestøtte skal fordelast slik:

• 40 millionar kroner i auka produksjonstilskott, der ti millionar av auken er kompensasjon for pris- og lønnsvekst

• Ti millionar kroner i ekstra innovasjonsstøtte, med bakgrunn i konsekvensar omlegginga i postomberinga har for avisene

Medietilsynet meiner auka støtte er viktig

Blir forslaget til regjeringa vedtatt, skal Medietilsynet fordele 358 millionar kroner i produksjonstilskott og 20 millionar kroner i innovasjonsstøtte neste år. I år fordeler Medietilsynet 318 millionar kroner i produksjonstilskott og ti millionar kroner i innovasjonsstøtte.

Ein rapport Medietilsynet nyleg la fram, viser at over 70 prosent av inntektene til avisene framleis kommer frå papiravisa.
– Mange aviser har framleis ein lang veg å gå før dei digitale inntektene aleine kan finansiere journalistikken. Den auka støtta er derfor viktig for det vidare arbeidet med digitalisering og omstilling, seier Velsand.

Medietilsynet fordeler for første gong pengar til NRK

Medietilsynet forvaltar mediestøtteordningar der det til saman skal fordelast inntil 530 millionar kroner i 2019. Regjeringa foreslår å fordele nesten sju milliardar kroner i 2020. I summen inngår 6,4 milliardar kroner til NRK, som neste år for første gong får sine inntekter frå Medietilsynet når lisensordninga blir avvikla.

Støtteordning 2019 (i 1000 kr) Forslag 2020 (i 1000 kr)
Tilskudd til NRK   6 413 342
Kompensasjon til kommersiell allmennkringkastar 135 000 135 000
Produksjonstilskott 318 000 358 100
Innovasjonsstøtte 10 000 20 250
Tilskott til lokale lyd- og bildemedium 19 870 20 400
Tilskott til samiske aviser 33 770 34 630
Distribusjonstilskott til avisene i Finnmark 2 190 2 250
Medieforsking og etterutdanning 11 780 12 100
Totalt 530 610 6 996 072

Medietilsynet får pengar til ny sekretariatsfunksjon

Frå 2021 blir det nye Mediestøtterådet oppretta. Rådet skal mellom anna fordele pengar mellom dei ulike støtteordningane, og Medietilsynet blir sekretariat for det nye rådet. For å førebu sekretariatsarbeidet har regjeringa foreslått å auke Medietilsynets driftsramme med ein million kroner. Vidare er det i forslag til statsbudsjett lagt opp til at Medietilsynet får penger til å gjennomføre Barn og medium-undersøkinga over sitt driftsbudsjett. Tidlegare har undersøkinga vore finansiert frå år til år gjennom eit spleiselag frå fleire departement.

– Eg er glad for at vi får ei langsiktig løysing for barn og medium-undersøkinga som er eit særs viktig utgangspunkt for Medietilsynet sitt arbeid med barn og deira mediebruk. Vidare er det positivt at vi får midlar til å opprette ei ny stilling som leiar for Mediestøtterådet sitt sekretariat, seier Mari Velsand.

Ti millionar meir til dataspel

Regjeringa har utarbeidd ein dataspelstrategi med mål og tiltak for dataspelpolitikken frå 2020 til 2022, der eit av måla er å løfte dataspel til å bli ein sjølvstendig og likeverdig fritidsaktivitet.

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvinga til dataspelfeltet med ti millionar kroner.

For meir informasjon, ta kontakt med Nina Bjerke.

  Abonner på nyheter (RSS)