1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2020

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet har avklart grunnlaget for fordeling av TV 2s reklameinntekter: Kan påverke storleiken på støtte for allmennkringkasting

Medietilsynet har bestemt korleis vektinga av ulike sjåargruppene til TV 2 skal vektast når reklameinntektene i 2019 skal fordelast mellom allmennkringkastingsverksemda og andre program. Avgjerda kan påverke storleiken på kompensasjonen frå staten til TV 2.
Medietilsynet har bestemt korleis vektinga av ulike sjåargruppene til TV 2 skal vektast når reklameinntektene i 2019 skal fordelast mellom allmennkringkastingsverksemda og andre program. Avgjerda kan påverke storleiken på kompensasjonen frå staten til TV 2.

Medietilsynet har bestemt korleis dei ulike sjåargruppene til TV 2 skal vektast når reklameinntektene i 2019 skal fordelast mellom allmennkringkastingsverksemda og andre program. Avgjerda kan påverke storleiken på kompensasjonen frå staten til TV 2.

Avtalen mellom TV 2 og staten inneber at TV 2 får dekt nettokostnadene for å levere det innhaldet som inngår i allmennkringkastingsoppdraget, inkludert ei rimeleg forteneste.

– Korleis dei ulike sjåargruppene til TV 2 blir vekta, kombinert med sjåartala i dei ulike aldersgruppene, er ein viktig del av grunnlaget for å kunne berekne kompensasjonen kanalen får for allmennkringkastingsoppdraget, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Dei yngste og eldste sjåarane er verdsett lågast

I retningslinjene til allmennkringkastingsavtalen går det fram at det er Medietilsynet som har ansvar for å bestemme korleis reklameinntektene til TV 2 skal vektast for dei ulike aldersgruppene, etter innspel frå kanalen sjølv. Vektinga verkar inn på kor stor del av dei totale reklameinntektene til TV 2 som skal trekkast frå når storleiken på kompensasjonen for allmennkringkastingsoppdraget blir berekna.

– Vektinga reflekterer verdien dei ulike aldersgruppene har for annonsørane, noko som blant anna inneber at dei yngste og eldste sjåarane har mindre økonomisk verdi enn sjåarar mellom 20 og 49 år, seier Velsand.

Reklameinntektene blir fordelte basert på fordelingsnøkkelen vekta dokumentert faktisk sjåing, noko som betyr at inntektene fordelast etter faktiske sjåartal for kvar kanal og kvart program og etter vekta som er satt for kvar aldersgruppe. Jo fleire sjåarar – jo større inntekter vil bli fordelte til det aktuelle programmet.

For 2019 har Medietilsynet vedtatt at ved fordelinga av reklameinntektene til TV 2 skal sjåartala i aldersgruppa 20 – 49 år vektast med 100 prosent, aldersgruppa 50 – 59 år med 65 prosent, aldersgruppa 60 – 69 år med 25 prosent og dei to aldersgruppene 10 – 19 og 70 – 79 år vektast med 10 prosent. Vektinga av dei faktiske sjåartala i dei ulike aldersgruppene gir grunnlaget for å berekne kor mykje reklameinntekter allmennkringkastingsverksemda til TV 2 genererer. Ved berekninga av storleiken på kompensasjonen til TV 2 blir desse inntektene trekte frå.

TV 2 får berre dekt nettokostnadar til allmennkringkasting

Medietilsynet skal kontrollere at TV 2 berre får dekt nettokostnadane knytte til allmennkringkasting og sikre at overkompensasjon eller kryss-subsidiering ikkje skjer. TV 2 må difor gi opp alle inntekter og utgifter for allmennkringkastingsverksemda.

Innan utgangen av april skal TV 2 dokumentere korleis selskapet meiner krava i avtalen med staten blei oppfylte i 2019, og eit årsrekneskap som dokumenterer at TV 2 har følgt krava til det rekneskapsmessige skiljet.

– Den økonomiske kompensasjonen for 2019 blir endeleg fastsett når Medietilsynet har vurdert denne informasjonen opp mot krava, seier Velsand.

TV 2 kan maksimalt få 135 millionar kroner årleg som kompensasjon for allmennkringkastingsoppdraget. Avtalen med staten varar i fem år frå og med 2019.

Grunngjevinga for Medietilsynets vedtak finn du her.

Fakta om TV 2-avtalen og vekting av reklameinntekter:

  • TV 2 har ein avtale med staten om å levere kommersielle allmennkringkastingstenester på tv mot å få dekt nettokostnadane knytte til allmennkringkastaroppdraget med inntil 135 millionar kroner kvart år.
  • Medietilsynet fastset endelege vekter for det einskilde rekneskapsår etter eit dokumentert forslag frå TV 2 om situasjonen i marknaden for tv-reklame.
  • Vektinga av dei faktiske sjåartala i dei ulike aldersgruppene gir grunnlaget for å berekne kor mykje reklameinntekter allmennkringkastingsverksemda til TV 2 genererer. Ved berekninga av storleiken på kompensasjonen til TV 2 blir desse inntektene trekte frå.
  • Medietilsynet har fått bistand frå revisjonsselskapet BDO i arbeidet med å fastsette reklamevektene

Innhaldskrava til TV 2 som allmennkringkastar:

  • Eigenproduserte riksdekkande nyheitsprogram med base i den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen
  • Norskspråklege program for barn og unge
  • Førstegongsvisningar av norsk film- og tv-drama

Les meir om TV 2-avtalen og kva den inneber