1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Menneskerettsprisen går til journalistane som skreiv om dei tre Tolga-brørne

Kulturdepartementet sin menneskerettspris for 2020 går til VG-journalistane som avdekte korleis tre unge menn blei fråtekne høvet til å styre over sine eigne liv i saka om "Tre brør på Tolga". Prisen blir delt ut kvart anna år til journalistar som i særleg grad har sett søkjelyset på aktuelle menneskerettsspørsmål i Noreg, og blir administrert av Medietilsynet.

Menneskerettsprisen på 100 000 kroner og eit litografi av kunstnaren Håkon Bleken blei delt ut til journalistane Maria Mikkelsen, Mona Grivi Norman og Frank Haugsbø måndag 9. november av kulturminister Abid Q. Raja.

– Journalistane bak saka «Tre brør på Tolga» har gått til kjernen av kva undersøkjande journalistikk skal vere. Gjennom grundig og tidkrevjande arbeid har dei teke kampen for sårbare enkeltmenneske. Dei har avdekt grove brot på grunnleggjande menneskerettar og omfattande forsøming frå offentlege myndigheiter. Årets prisvinnarar har vist korleis journalistikken er eit verktøy som kan brukast til å grave fram urett og føre til viktige endringar i samfunnet, seier Raja i ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

Les heile pressemeldinga frå Kulturdepartementet her

  Abonner på nyheter (RSS)