Nytt fra Medietilsynet
Seks av ti unge synest det er vanskeleg å følge med i nyheitsbiletet
Seks av ti 16 – 20-åringar synest det er vanskeleg å følgje med i nyheitsbiletet, viser ei ny undersøking frå Medietilsynet. Samtidig er sosiale medium ein av dei viktigaste nyheitskjeldene for halvparten i denne aldersgruppa.
– Resultata underbyggjer utfordringa med å nå dei unge med nyheiter, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Medietilsynet har nyleg gjort ei stor undersøking om den kritiske medieforståinga til nordmenn i samarbeid med Kantar Media og medieforskarar ved Universitetet i Bergen. Som ein del av undersøkinga har Medietilsynet sett særleg på dei unge sine medievaner og kritiske medieforståing, det vil seie ulike former for evner og kunnskapar knytte til å orientere seg i medielandskapet. unge
Halvparten har sosiale medium som viktigaste nyheitskjelde
Medievanane til 16 - 20-åringane blir prega av ikkje-redaksjonelle og utanlandske medieaktørar, og Medietilsynets undersøking viser at halvparten av dei unge har sosiale medium som ein av sine viktigaste nyheitskjelder. Dei unge bruker også færre kjelder for å forstå ei nyheitssak enn gjennomsnittet i befolkninga.
– Dei unge sine medievanar blir prega av at dei i stor grad bruker sosiale medium, videodelingsplattformer og strøymetenester. I dette biletet er det ei utfordring for norske, redaktørstyrte medium å nå ungdomen, seier Mari Velsand.
Medietilsynet vil følgje utviklinga framover
Det er første gong Medietilsynet har gjennomført ei slik undersøking, og tilsynet har dermed ikkje tal å samanlikne med.
– Vi ønskjer å følge med på utviklinga framover, og kjem derfor til å gjere slike undersøkingar jamleg, seier Velsand.
Samanlikna med befolkningssnittet er dei unge mindre interessert i innanriksnyheiter, saker om næringsliv og lokalstoff, men meir interessert i nyheiter om kjendisar og underhaldning.
Dei unge er den mest digitale aldersgruppa
16 - 20-åringane er den mest digitale aldersgruppa i befolkninga. Dei er for eksempel flinkare enn gjennomsnittet til å bruke digitale medium til å finne ut om informasjon er sann eller ikkje eller til å setje seg inn i ei sak og gjere seg opp si eiga meining. I undersøkinga var det også fleire unge enn gjennomsnittet som avslørte at ei nyheit var falsk.
– Dei unge merkjer seg med sterke digitale kunnskapar. Det er svært positivt at dei unge for eksempel veit ein god del om algoritmar og at dei ofte veit korleis dei skal vareta personvernet sitt, seier Velsand.
Unge har fleire negative opplevingar på nett
Fire av ti unge seier å ha vore utsett for negative opplevingar på nett. Den vanlegaste negative opplevinga både hos dei unge og i befolkninga generelt er forsøk på pengesvindel. Men fleire unge enn i befolkninga generelt har opplevt å få uønskte seksualiserte meldingar.
– Vi ser at 16 prosent av dei unge seier å ha motteke uønskte seksualiserte meldingar, og det er særleg jentene som er utsett. Dette er eit tema det er viktig å snakke med ungdom om for å førebyggje slik åtferd, seier Mari Velsand.
Ønskjer meir kritisk medieforståing i skulen
Samtidig som dei unge er digitalt sjølvstendige, har færre unge «høg kritisk medieforståing» (21 prosent) enn befolkninga generelt (43 prosent).
– Medietilsynet meiner at kjeldekritikk og medieforståing er svært viktige kompetanseområde, og at dette er fagområde som bør styrkjast for eksempel i samfunnsfag og norsk, seier Mari Velsand.
Medietilsynet har derfor nyleg gitt innspel til dei nye lærarplanane som er ute på høyring.
– Skulen har ei svært viktig rolle i å førebu og ruste dei unge til å kunne navigere trygt i dagens digitale og fragmenterte medielandskap. Vi meiner også at det er viktig å framheve redaktørstyrte medium si demokratiske rolle i ei tid kor alle kan vere publisistar, og der internasjonale medieaktørar i stor grad vinn kampen om dei ungen si merksemd, seier Velsand.
Les rapporten om dei unge si kritiske medieforståing her
Dei viktigaste funna om dei unge sin mediebruk
- Mediebruken er i stor grad ikkje-redaksjonell. 62 % bruker Youtube dagleg, 89 % bruker Facebook dagleg, 86 % andre sosiale medium dagleg, 65 % er på strøymeplattformer dagleg
- På spørsmål om kva som er dei unge si viktigaste nyheitskjelde svarer 65 % gratis nettaviser, 51 % svarer sosiale medium, etterfølgde av tv (33 %) og nettaviser som eg eller andre betaler for (27 %). Radio (16 %) og papiraviser (7 %) er i mindre grad viktig for dei unge som nyheitskjelde
- Dei unge bruker færre kjelder for å forstå ei nyheitssak enn befolkningssnittet. 65 % av dei unge, mot 79 % i befolkninga, svarer at dei er «heilt» eller «litt einig» i at dei bruker fleire kjelder til å forstå ein nyheitssak
- Berre 15 % av 16 – 20-åringane har høyrt om Pressens Faglige Utvalg (PFU) og kjenner til oppgåvene dei har. Til samanlikning har 60 % av befolkninga høyrt om PFU og kjenner til oppgåvene dei har
- 60 % av dei mellom 16 og 20 år kjenner til at Faktisk.no sjekkar om påstandar i media er sanne
- Ein litt høgare del av dei unge (62 %) avslørte nyheitssaken som falsk enn befolkningssnittet (56 %)
- Unge bruker fleire digitale metodar for å avdekkje om ei nyheit er sant, som å sjekke andre kjelder eg stolar på (70 %), gjort nettsøk (52 %), sjekka kven som eig og driv nettstaden (43 %) og sjekka url-, https- eller IP-adressa til nettstaden (35 %)
- 40 % av dei unge i undersøkinga har hatt negative opplevingar på nett, som forsøk på svindel av pengar (22%), uønskte seksualiserte meldingar (16 %) og hatefulle ytringar (7 %)
- Det er fleire unge kvinner enn menn som rapporterer om uønskte seksualiserte meldingar. 21 % unge kvinner rapporterer om uønskte seksualiserte meldingar mot 6 % unge menn
Om undersøkinga:
Ungdomsutvalet i Medietilsynets befolkningsundersøking om kritisk medieforståing består av 143 respondentar i alderen 16 – 20 år, og er eit representativt utval for aldersgruppa. Feilmarginen er på åtte prosent, og Medietilsynet har derfor valt å trekkje fram resultat der det er ein signifikant forskjell på ungdomsutvalet og befolkninga generelt. Undersøkinga er utvikla i samarbeid med Kantar Media og medieforskarar ved Universitetet i Bergen, og blei gjennomførd i mars 2019.
For meir informasjon, ta kontakt med Nina Bjerke