1. Startsiden

Her finn du alle skjema for ordningar Medietilsynet forvaltar, inkludert mediestøtte og andre søknadsskjema. Informasjon om alle ordningane får du ved å klikke på dei. Dei fleste skjema krev innlogging på Medietilsynets digitale sjølvbeteningsteneste Mi side.

info Opprett Min side-bruker
Min side
Hvis du ikkje har brukar på "Min side" må du registrere deg. Her les du om korleis du gjer det.

For å få ein Min side-brukar må du registrere deg. Du vil få tilsendt ei lenke med invitasjon på e-post for du logge deg på. 

Kven treng Min side-brukar arrow

Om du skal søke på ei av mediestøtteordningane, registrere film for kino eller video for sal, eller registrere årsmelding må du ha ein Min side-brukar. 

Sida har totrinns-verifisering og opplysingane blir ikkje delt med andre.

Registrering og verifisering arrow

Etter å ha fylt ut skjema skjer registeringa manuelt, og du får ein e-post når registreringa er gjennomført.

Når du har motteke ein e-post med invitasjon frå "Min side" må du aktivere brukaren. Det gjer du på følgjande måte:

  1. Åpne e-posten frå Medietilsynet med invitasjon til "Min side"
  2. Klikk på lenka i e-posten for å stadfeste brukaren din

Passordet oppretter du første gong du skal logge inn. Når passord er oppretta, vil du få beskjed om å skrive inn ein sikkerheitskode. Denne vil du få på e-postadressa du har registrert. (OBS: Dersom du ikkje får e-posten med koden, kan det vere lurt å sjekke spam-filteret ditt.)

For framtidige påloggingar til "Min side", gjer du følgande:

  1. Gå til https://medietilsynet.force.com
  2. Skriv inn e-postadressa di (brukarnamn) og passordet du sjølv har laga
  3. Du vil få ein sikkerheitskode på e-post. Skriv inn den sekssifra koden, og vel "neste"

Du er nå innlogga på "Min side". Du vil få ein ny sikkerheitskode kvar gong du skal logge deg inn. 

Opprett bruker

Mediestøtte

Innovasjons- og utviklingstilskudd

Denne støtteordninga skal oppmuntre media til innovasjon og utvikling, både redaksjonelt og i innhald. Innovasjons- og utviklingsarbeid i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium blir prioriterte når midlane blir delte ut.

Produksjonstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium

Produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Tilskottet er retta mot økonomisk vanskelegstilte medium, og medium med små opplag. Tilskottsordninga er plattformnøytral og likestiller papiraviser og nettaviser.

Støtte til lokalkringkasting

Tilskotsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen dei lokala lyd- og bildemedia har i samfunnet. Eit sterkt lokalt radio- og tv-tilbod styrker mediemangfaldet, og støtteordninga skal bidra til å oppretthalde dette tilbodet.

Tilskot til samiske aviser

Støtte til samiske aviser og samiskspråklege avissider skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet. Tilskottet til samiske aviser er ikkje plattformnøytralt. Nettutgåver av dei samiske avisene tel derfor ikkje med når vi skal rekne ut tilskottet til samiskspråklege sider.

Medieforsking

Støtte til medieforsking

Tilskotsordninga gir midlar til bruksretta forsking med særleg vekt på forsking på tvers av mediet, og på tema som gjeld redaksjonelle, økonomiske og tekniske forhold. Det er eit klart mål om at forskinga skal vere praktisk orientert og nyttig i mediekvardagen.

Film, video og bestillingstjenester

Registrere salgstall for DVD/Blu-Ray og Video-on-Demand (VOD)

Som distributør av videogram må du sende kvartalsvis rapporter til Medietilsynet om antall omsatte kopier.

Kringkasting

Registrer ny kringkastingstjeneste

For å drive kringkasting etablert i Norge må du registrere deg hos Medietilsynet. Dette gjelder sendinger (tv og radio) via satellitt, internett eller kabel.

Søke innholdskonsesjon for DAB-radio

For å sende radio på DAB trengs en innholdskonsesjon. Dette gjelder for både riksdekkende radio og lokalradio.

Årsmelding for lokalkringkastarar

For anleggskonsesjonærar på DAB er det eit vilkår i konsesjonsvedtaket med plikt til å levere ein rapport til Medietilsynet om verksemda frå førre år.

Rapportering på europeisk programandel

Om du driver kringkasting eller audiovisuelle bestilingstjenester i Norge må du rapportere inn europeisk programandel hvert fjerde år. Neste rapporteringsfrist er i 2023.

Avis og journalistikk

Økonomiundersøkelse for aviser

Medietilsynet gjør årlig en undersøkelse av den økonomiske utviklingen i avisene. Over 95 prosent av avisene har deltatt de siste årene - noe som gir pålitelige tall og kunnskap om situasjonen for norsk presse. Ordningen er frivillig.

Menneskerettsprisen for journalistar

Kulturdepartementet sin menneskerettspris for journalistar blir annakvart år tildelt ein journalist som i særleg grad har sett søkelys på aktuelle menneskerettsspørsmål i Noreg.