Medietilsynet forvaltar ulike stønadordningar for å oppnå eit mangfaldig medietilbod over heile landet. Stønadordningane gjeld både aviser, nettavisar, lokalkringkasting og ordningar for innovasjon og utvikling.
Her finn du informasjon og søknadsskjema for alle ordningar.
Innovasjons- og utviklingstilskudd
Denne støtteordninga skal oppmuntre media til innovasjon og utvikling, både redaksjonelt og i innhald. Innovasjons- og utviklingsarbeid i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium blir prioriterte når midlane blir delte ut.
Støtte til lokalkringkasting
Tilskotsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen dei lokala lyd- og bildemedia har i samfunnet. Eit sterkt lokalt radio- og tv-tilbod styrker mediemangfaldet, og støtteordninga skal bidra til å oppretthalde dette tilbodet.
Produksjonstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium
Produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Tilskottet er retta mot økonomisk vanskelegstilte medium, og medium med små opplag. Tilskottsordninga er plattformnøytral og likestiller papiraviser og nettaviser.
Tilskot til samiske aviser
Støtte til samiske aviser og samiskspråklege avissider skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet. Tilskottet til samiske aviser er ikkje plattformnøytralt. Nettutgåver av dei samiske avisene tel derfor ikkje med når vi skal rekne ut tilskottet til samiskspråklege sider.
Distribusjonstilskot til aviser i Finnmark
Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i det som tidlegare var Finnmark fylke. Det er derfor eit eige distribusjonstilskot til aviser i dette området.
Hold deg oppdatert på hva som skjer i Medie-Norge med Medietilsynets nyhetsbrev: 📰Abonner på nyhetsbrevet her