1. Startsiden
  2. Tv, film og radio
  3. Allmennkringkasting

Allmennkringkasting

NRKs allmennkringkastingsoppdrag

Norsk Rikskringkasting er offentleg finansiert og tilbyr allmennkringkastingsinnhald på radio, tv og nett.

Norsk Rikskringkasting (NRK) er offentleg finansiert og tilbyr allmennkringkastingsinnhald på radio, tv og nett.


NRKs oppdrag er utforma for å sikre at heile befolkninga har tilgang på eit breitt medietilbod med god kvalitet. NRK har ei viktig rolle både som fellesarena som bidrar til befolkninga si felles orientering mot samfunnet og det å eksponere mediebrukarane for innhald dei tradisjonelt ikkje oppsøker.

NRK skal bidra til heile befolkninga

Det er Kulturdepartementet som forvaltar eigarskapet til NRK. Kulturdepartementet er generalforsamling og vel NRKs styre. Frå og med 1. januar 2020 blir NRK finansiert ved løyving over statsbudsjettet og blir betalt over skattesetelen.

Ei viktig oppgåve for NRK er å bidra til å fremme den offentlege samtalen og bidra til at heile befolkninga får tilstrekkeleg informasjon til å kunne vere aktivt med i demokratiske prosessar.

Alle krava til NRK er formulerte i NRK-plakaten og i NRKs vedtekter.

Desse blir gjennomgåtte av Medietilsynet i den årlege allmennkringkastingsrapporten.

NRK skal vere tilgjengeleg for alle

NRK har eit særleg ansvar for å sikre at allmennkringkastingstilbodet skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga. I NRK-plakaten er det også sett krav til NRK om å ta omsyn til funksjonshemma ved utforminga av tilbodet sitt.

NRK har oppretta eit eige brukarråd, som gir innspel til korleis NRK kan bidra til at innhaldstilbodet på radio, tv og nett er mer tilgjengelig. Brukarrådet består av representantar for funksjonshemma sine organisasjonar og Pensjonistforbundet.

Krava gjeld NRK og riksdekkande kommersielle tv-kanalar med ein del på meir enn fem prosent av dei samla sjåartala for tv. Det blir stilt meir omfattande krav til NRK enn til dei kommersielle aktørane.

NRK skal:

  • Tekste alle ferdigproduserte fjernsynsprogram.
  • Tekste alle direktesende fjernsynsprogram dersom det er teknisk og praktisk mogeleg.
  • Tilgjengeleggjere alle program som har blitt teksta på fjernsyn, med teksting når programma blir lagde ut i audiovisuell bestillingsteneste.
  • Tilgjengeleggjere distriktssendingar med teksting når slike program blir lagde ut i audiovisuell bestillingsteneste.
  • Tilgjengeleggjere fjernsynsprogram på samisk med teksting på det samiske språket som er talespråk i programmet når slike program blir lagde ut i audiovisuell bestillingsteneste, dersom det er teknisk og praktisk mogeleg.
  • Dagleg sende fjernsynsprogram med teiknspråktolking.
  • Dagleg sende fjernsynsprogram på norsk teiknspråk.
  • Sende fjernsynsprogram med synstolking kvar veke.
  • Tilby lydtekst for alle ferdigproduserte fjernsynsprogram med teksting der det blir snakka eit anna språk enn norsk.
  • Tilby direktesende fjernsynsprogram med lydtekst dersom det er teknisk og praktisk mogeleg.

Instruksane om universell utforming som skal sikre tilgang til medieinnhald og medietenester for personar med funksjonsnedsettingar er fastsette i Kringkastingsloven § 2-19. Dei konkrete krava er forklarte i Kringkastingsforskriften § 2-5.

 

E-post ikon Spørsmål om temaa du finn på denne sida kan rettast til kringkasting@medietilsynet.no