1. Startsiden
  2. Tv, film og radio
  3. Allmennkringkasting

Allmennkringkasting

TV 2s allmennkringkastingsoppdrag

TV 2 har inngått ein avtale med staten som kommersiell allmennkringkastar på tv frå 2019 og ut 2023.

TV 2 får økonomisk kompensasjon basert på korleis dei leverer

TV 2s avtale forpliktar kanalen til å investere årlege sum i nyheiter, program for barn og unge, samt norsk film- og tv-drama. Ifølgje avtalen må hovudredaksjonen og nyheitsredaksjonen vere lokaliserte minst 100 kilometer utanfor Oslo. TV 2 har valt å lokalisere verksemda si i Bergen. Avtalen mellom TV 2 og staten seier at TV 2 kan få kompensert inntil 135 millionar kroner per år - baserte på korleis dei leverer på dei ulike krava. TV 2 er ein kommersiell kringkastar og har eigne inntekter, og det er berre programinnhaldet som er produsert som del av allmennkringkastaroppdraget som blir kompensert av staten. Avtalen stiller også krav til korleis kompensasjonen skal disponerast og korleis rekneskap og rapportering skal gjennomførast.

Avtalen som allmennkringkastar stiller krav til heile TV 2s programverksemd

I avtalen blir det også stilt ei rekkje krav til TV 2s programverksemd som ikkje er ein del av allmennkringkastingsoppdraget, og som TV 2 ikkje får økonomisk kompensasjon for:

  • Programtilbodet skal baserast på prinsippa for allmennkringkasting.
  • Profilen skal vere av allmenn karakter og interesse.
    Det skal vere et programtilbud for både breie og smale grupper.
  • Norskspråklege program skal utgjere minst 50 prosent av sendetida.
  • Begge dei offisielle norske målformene skal nyttast.
  • Programtilbodet skal ha tematisk og bredde i sjanger (den tematiske bredda skal bestå av minst fem ulike programkategoriar, med ei nærmare bestemt hyppigheit og omfang).

Krava til TV 2 som allmennkringkastar er skildra i avtalen mellom TV 2 og staten. Avtalen varar frå 2019 og ut 2023.

Medietilsynet vurderer korleis TV 2 oppfyller krava og oppdraget i den årlege allmennkringkastingsrapporten

Krav om tilgjengelegheit og universell utforming

TV 2 har følgande krav til tilgjengeleggjering og universell utforming:

  • Tekste alle ferdigproduserte fjernsynsprogram mellom klokka 18.00 og klokka 23.00, og direktesende fjernsynsprogram i same tidsrom, dersom det er teknisk og praktisk mogeleg.
  • Sende fjernsynsprogram med teiknspråktolking kvar veke, dersom det er teknisk og praktisk mogeleg.
  • Månadleg sende fjernsynsprogram med synstolking, dersom det er teknisk og praktisk mogeleg.

Krava til kommersielle kringkastarar om universell utforming og tilrettelegging for personar med funksjonsnedsetjingar er nedfelte i Kringkastingsloven § 2–19 og spesifisert i Kringkastingsforskriften § 2–6.

Krava gjeld for kommersielle fjernsynskanalar med ein del på meir enn fem prosent av dei samla sjåartala for fjernsyn.

E-post ikon Spørsmål om temaa du finn på denne sida kan rettast til kringkasting@medietilsynet.no