1. Startsiden
  2. Tv, film og radio
  3. Tv og bestillingstjenester

Tv og bestillingstjenester

Plikter for audiovisuelle bestillingstenester

Bildet viser et nettbrett med ulike apper for straumetenester. Foto Pexels

Audiovisuelle bestillingstenester tilbyr bildeprogram som sjåaren vel sjølv når han eller ho vil sjå. Dette i motsetning til kringkasting som kan sendast direkte og samtidig. Eksempel på norske bestillingstenester er TV 2 Play, VGTV og Aftenposten TV. YouTube-kanalar vil også kunne omfattast. Her finn du informasjon om bestillingstenester og pliktene deira.

Definisjon av audiovisuelle bestillingstenester

Aldersgrenser

Vernetiltak

Felles plikter for kringkastarar og audiovisuelle bestillingstenester

Reklame, sponsing og produktplassering
Identifikasjon
Plikt til rapportering av europeisk programandel

PNG_email icon_60x60.png Spørsmål om temaa du finn på denne sida kan rettast til kringkasting@medietilsynet.no 

oransje strek 2 smalere.png

Definisjon av audiovisuelle bestillingstenester

For å bli definert som ei audiovisuell bestillingsteneste må desse vilkåra vere oppfylte: 

  • Hovudformålet til tenesta er å tilby program med levande bilde.
  • Tenesta er tilgjengeleg for allmenta.
  • Den som tilbyr tenesta må drive næringsverksemd.
  • Ikkje-økonomisk verksemd fell utanfor regelverket.
  • Tenesta blir formidla via elektronisk kommunikasjonsnett, for eksempel på internett. Korleis sjåaren får tilgang til tenesta har inga betydning.
  • Tenesta kan for eksempel sjåast på tv eller mobiltelefon.
  • Tenesta er underlagt redaksjonell kontroll. Det betyr at den som tilbyr tenesta har kontroll med utveljinga og organiseringa av programma.

Bestillingstenestene har ikkje plikt til å registrere seg.

Aldersgrenser

Bildeprogram må ha ei av desse aldersgrensene: Tillaten for alle, 6 år, 9 år, 12 år, 15 år eller 18 år. Informasjon om aldersgrenser skal bli gitt på ein tydeleg og nøytral måte. Denne informasjonen skal bli gitt før bestillinga blir gjennomført, og dessutan i presentasjon og omtale av biletprogrammet.  Nokre typer program treng ikkje aldersgrense.

Det er bildeprogramdistributør som skal setje aldersgrense. Bildeprogramdistributør er den som har rettane til tilgjengeleggjering av bildeprogrammet på det norske marknaden. Aldersgrensene skal bli sette etter Medietilsynets retningslinjer for aldersklassifisering.

Retningslinjer: Aldersklassifisering av bildeprogram

Tilbydarar kan gjerne nytte seg av Medietilsynets aldersgrenseikon kostnadsfritt:

Aldersikoner.png

linktype Aldersgrenseikoner (2015) med veileder (nedlastbar zip-fil)

Reklame, trailerar og egenpromoer, såkalla tilknytt materiale, treng ikkje ei aldersgrense, men må tilpassast aldersgrensa på filmen eller programmet det visast med.

Vernetiltak

Foreldre skal kunne aktivere vernetiltak, det er skildra i loven om vern av mindreårige mot skadelege bildeprogram § 10. Dette kan vere tilgangskontroll gjennom bruk av PIN-kode eller passord, såkalla forelderkontroll. Dersom tenesta tilbyr innhald som blir vurdert til å vere alvorleg til skade for barn og unge (18-årsgrense) skal tilgangskontrollen alltid vere aktivert. 

For meir informasjon om aldersgrenser for bestillingstenester, sjå Lov om vern av mindreårige mot skadelege bildeprogram og retningslinjer for aldersklassifisering.

Felles plikter for tv og audiovisuelle bestillingstenester

Både tv og audiovisuelle bestillingstenester skal følgje norsk rett dersom dei er etablert i Noreg. Det er fleire kriterium som avgjer om dei er etablert i Noreg. Hovudregelen er at om hovudkontoret ligg i Noreg og redaksjonelle avgjerder om programsamansetjing blir tatt i Noreg, er dei etablert i Noreg.

I visse tilfelle kan det også få betydning om ein større del av arbeidsstyrken er i Noreg. Der hovudkriteria ikkje kan bli brukte, vil det få avgjerande betydning om tenesta bruker eit satellittsamband eller satellittkapasitet plassert i Noreg (up-link).

Ei fullstendig oversikt over kriteria finst i kringkastingsforskrifta § 1-1.

Reklame, sponsing og produktplassering

Kringkastingsregelverket har instruksar om kva slags og kor mykje reklame som kan sendast samt korleis reklamen skal plasserast i sendeskjemaet. Det er vidare reglar om utforming av sponsoridentifikasjonar, og om når det er tillate med produktplassering.

Utfyllande informasjon om reklame sponsing og produktplassering finn du her.

Identifikasjon

Både tv og dei audiovisuelle medietenestene har stor betydning for meiningsdanninga i samfunnet, og befolkninga skal derfor kunne identifisere kven som er ansvarlege for innhaldet i tenesta, slik Kringkastingslova § 2-16 seier.

Sjåarane skal til einkvar tid, på ein enkel og direkte måte, ha tilgang til følgande opplysingar om tilbydaren:

  • Namn
  • Gateadresse og postadresse
  • Elektronisk postadresse
  • Eventuelle andre opplysingar som gjer det mogeleg å ta kontakt
  • Informasjon om relevante reguleringsmakter eller tilsynsstyresmakter. For norske tilbydarar må det som eit minimum bli opplyst at Medietilsynet er tilsynsstyresmakt etter kringkastingsregelverket.

Meir utfyllande informasjon om korleis tv-kanalar og audiovisuelle bestillingstenester skal oppfylle krava til identifikasjon finn du i Medietilsynets rettleier:

Rettleiar: Identifikasjon i fjernsyn og audiovisuelle bestillingstenester

Plikt til rapportering av europeisk programandel

Det er eit mål å fremme europeisk produksjon av program og seriar.

Kringkastarane skal sørge for at minst 50 prosent av sendetida i fjernsyn som ikkje består av nyheiter, sport, underhaldningsprogram med konkurranseprega innslag, reklame eller tekstfjernsyn blir sett av til sending av europeiske verk. Kringkastarane rapporterer på dette ein gong i året til Medietilsynet.

Tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester skal føre statistikk som viser andelen av europeiske verk i programkatalogane sine. Kvart fjerde år skal denne statistikken sendast Medietilsynet. Samtidig skal tilbydaren klargjere for korleis han har forsøk å fremme produksjonen av, og tilgangen til, europeiske verk.

Rapporteringa skjer kvart fjerde år. Skjema for rapportering av EU-andel finn du her. Noreg rapporterer informasjonen vidare til EFTA sitt overvakingsorgan, ESA.

Rettleiar: Korleis fremme europeiske verk i kringkasting og audiovisuelle bestillingstenester