Nytt fra Medietilsynet
Prognose for årets mediestøtte: Lokalavisene ligg an til å få 30 millionar kroner meir enn i fjor
Lokalavisene får størstedelen av auken i årets produksjonstilskott, viser prognosen frå Medietilsynet. Totalt skal det fordelast 358 millionar kroner, 40 millionar meir enn i fjor. – Tildelinga reflekterer dei politiske signala om at lokalavisene skal prioriterst. Samtidig er prognosen i år svært usikker, blant anna fordi mange nye aviser har søkt om støtte, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Prognosen viser at nesten 215 millionar kroner av årets pott på 358 millionar kroner kan gå til dei ti største tilskottsmottakarane (sjå tabell). Ifølgje prognosen ser lokalavisene ut til å få 30 millionar kroner meir i år enn i fjor. Fleire av dei små avisene kan auke tilskottet med opp mot 70 prosent.
Usikker prognose på grunn av nye søkjarar
Elleve nye aviser har søkt om produksjonstilskott i år. Prognosen for tildelinga er laga før det er tatt stilling til om nye aviser kjem inn i ordninga.
– Vi er i gang med å vurdere nye søkarar, men dette tar litt tid. Prognosen tar derfor utgangspunkt i eksisterande tilskottsmottakarar, men tar ikkje høgde for eventuelle nye. Vidare har Medietilsynet i prognosen lagt til grunn at søkarar som oppfylte kriteria for å få tilskott i 2019, også oppfyller kriteria i 2020, seier Velsand.
Fiskeribladet ligg an til å få stor auke
Fiskeribladet ser ut til å få den største auken i kroner, med over seks millionar kroner meir enn i fjor. Hovudårsaka til auken er at avisa har endra abonnementsproduktet sitt, slik at tilskottet skal bereknast for eitt produkt (komplett) i staden for separate produkt (papiravis og nettavis).
125 av totalt 150 aviser kan få auka tilskott som følge av auken i årets tilskottspott, ifølge prognosen. Auken i tilskottet til Fiskeribladet og ei svakare opplagsutvikling samanlikna med andre aviser i ordninga er årsaka til at fleire av dei største avisene ligg an til å få mindre i tilskott i år enn i fjor.
Dei ti avisene som ifølge prognosen får mest i tilskott i 2020 (prognosen tar ikkje omsyn til moglege nye aviser):
Avis | Prognose 2020 | Tilskott 2019 |
Klassekampen | 43 170 944 | 42 177 500 |
Bergensavisen | 37 226 637 | 35 083 878 |
Vårt Land | 32 068 580 | 33 081 582 |
Dagsavisen | 28 671 237 | 29 734 383 |
Nationen | 21 688 205 | 21 868 778 |
Dagbladet Dagen | 15 781 023 | 15 392 136 |
Fiskeribladet | 12 904 515 | 6 688 937 |
Morgenbladet | 9 739 462 | 10 411 634 |
iTromsø | 8 026 374 | 8 335 814 |
Dag og Tid | 5 444 284 | 5 099 077 |
Totalt for dei ti største | 214 721 261 | 207 873 719 |
Nye aviser kan påverke fordelinga dersom dei kvalifiserer
Elleve nye aviser har søkt om å komme inn i ordninga for produksjonstilskott i 2020, blant dei Dagbladet Pluss (eit digitalt abonnementsprodukt frå Dagbladet) og Nett.no (lokal nettavis på Sunnmøre). Dei to publikasjonane søkte også om støtte i fjor, men fekk då avslag. Det er klaga på begge avslaga, og klagene er for tida til behandling i Medieklagenemnda. Blant dei nye søkjarane er det elles både digitale, lokale aviser og nisjepublikasjonar, som Computerworld og Medier24. Kva for aviser som kvalifiserer til å komme inn i ordninga, blir klart først over sommaren. Det blir ikkje utarbeidd prognosar for nye aviser som søker om å komme inn i tilskottsordninga i 2020.
– Dersom fleire nye aviser viser seg å kvalifisere til støtte, kan dette få stor betydning for støttenivået for andre aviser, blant anna dei større nummer to-media. Dersom dei kvalifiserer, kan dei nye søkarane totalt komme til å få støtte tilsvarande opptil ti prosent av årets ramme på 358 millionar kroner, seier Velsand.
Vanlegvis avgjer Medietilsynet kva for publikasjonar som kvalifiserer for støtte, og betaler ut endeleg oppgjer i oktober/november.
Se oversikten over årets prognose her (pdf-fil)
Se oversikten over årets prognose her (excel-fil)
Fakta om produksjonstilskottet
- Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.
- Tilskottsordninga er spesielt retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og som er alternativ til dei leiande media i større marknader.
- Ordninga likestiller papiropplag og digitalt opplag.