1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2020

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet held ved lag avslaget på støttesøknaden frå Dagbladet Pluss: Saka går til Medieklagenemnda

Etter å ha vurdert saka grundig meiner Medietilsynet framleis at Dagbladet Pluss ikkje oppfyller krava til formål og innhald for støtteordninga. Foto Medietilsynet
Etter å ha vurdert saka grundig meiner Medietilsynet framleis at Dagbladet Pluss ikkje oppfyller krava til formål og innhald for støtteordninga. Foto Medietilsynet

Medietilsynet held ved lag avslaget på søknaden frå Dagbladet Pluss om produksjonstilskott etter å ha behandla klaga frå selskapet. – Etter å ha vurdert saka grundig meiner vi framleis at Dagbladet Pluss ikkje oppfyller krava til formål og innhald for støtteordninga, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. Klaga går no vidare til Medieklagenemnda.

Dagbladet Pluss søkte om produksjonstilskott for første gong i fjor, men Medietilsynet avslo søknaden etter å ha konkludert med at publikasjonen ikkje oppfyller krava til formål og innhald for å få slik mediestøtte.

Medietilsynet held ved lag avslaget på søknaden om støtte

Produksjonstilskottet er den største av dei direkte mediestøtteordningane. Formålet med ordninga er å legge til rette for den breie samfunnsdebatten, og å halde befolkninga breitt og generelt orientert om ulike samfunnsspørsmål.

Forskrifta har fleire vilkår som alle må vere oppfylte for at ein publikasjon skal kvalifisere til produksjonstilskott. For å få støtte må blant anna hovudformålet med publikasjonen vere å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta, og publikasjonen må ha eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.

– Etter grundige analysar og vurderingar kom Medietilsynet fram til at Dagbladet Pluss som sjølvstendig medium ikkje oppfylte vilkåra om formål og innhald. Etter å ha gått grundig gjennom klaga frå Dagbladet Pluss meiner vi at vurderinga vår framleis står seg. Medietilsynet held derfor avslaget på søknaden ved lag, seier Velsand.

Medietilsynet finn ikkje grunn til å oppheve eller endre vedtaket

I klaga si argumenterer Dagbladet Pluss for at vedtaket om avslag på produksjonstilskott i 2019 er ugyldig og må gjerast om. Dagbladet Pluss meier at Medietilsynet har tolka og brukt forskrifta feil, at tilsynet har lagt feil fakta til grunn, at innhaldsanalysen frå Høgskulen i Volda inneheld feil og manglar, at Medietilsynet har forskjellsbehandla Dagbladet Pluss frå andre søkjarar, og at det er feil ved saksbehandlinga.

– Medietilsynet har vurdert merknadene frå Dagbladet Pluss, men meiner at dei ikkje gir grunnlag for å oppheve eller endre vedtaket som det blir klaga på. Vi har gitt publikasjonen medhald i at nokre artiklar i analysen til Høgskulen i Volda var koda feil, og desse er no koda om. Vurderinga vår er likevel at sjølv med desse endringane har Dagbladet Pluss for få dagsaktuelle og politisk relevante artiklar for å kvalifisere for støtte, seier Velsand.

Fakta om produksjonstilskottet

  • Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet
  • Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader
  • Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader
  • Medietilsynet skal fordele 358 millionar kroner i produksjonstilskott i år
  • Produksjonstilskottet blei fordelt for første gong i 1969
  • Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser

Les innstillinga frå Medietilsynet til Medieklagenemnda om klaga frå Dagbladet Pluss her.

Les meir om produksjonstilskottet på Medietilsynets nettsider.